Lokal | 22. des. 2016

Nissen kom til Ulven

For fjerde året på rad lot nissefar reinsdyra stå att heime, og tok helikopter då han vitja barn frå Ulvenvatnet barnehage hos Os Aeroklubb.

Ørjan Håland
Ørjan Hålandtorsdag 22. des. 2016 14:27

For Tore Øvreeide og Os Aeroklubb har det blitt ein tradisjon å invitere barnehagebarn og nissen til julegraut og pakker i klubbhuset på Vaksinen på Ulven.

– Vi hadde lyst til å gjera nokon glad. Så dette er fjerde året vi i Os Aeroklubb har fått nissefar til å komma til oss med helikopter, fortel Øvreeide.

Statsråden si jul

Like stor tradisjon har det vore at Terje Søviknes har stilt opp og fortalt ungane om korleis det var å feira jul då han var liten.

– Han slapp ikkje unna i år heller, sjølv om han har blitt statsråd, ler Øvreeide før Søviknes fortalde om kva pakkar som gjorde han mest glad som liten gut.

– Dei finaste pakkane eg fekk, var dei pappa lagde til meg. Eitt år fekk eg ein fantastisk hest. Ikkje ein ordentlig hest, men ein gyngehest med fine utskjeringar som pappa hadde laga.

Turbulent, men gøy

Nissefar fortaldet at det hadde vore litt rufsete å ta seg til Vaksinen torsdag, men det er han vant til der han fly får hus til hus i jula.

– Det var ganske turbulent og gjekk opp og ned og hit og dit, men det var ordentlig gøy, fortalde nissefar mellom skeiene med graut.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.