Marny Strømland er nybakt noregsmeister i bogeskyting med tradisjonell langboge. (Foto: Knut-Inge Johnsen)

NM-gull til Marny og Andreas

Fleire frå Os tok medalje då NM i bogeskyting blei arrangert ved Kongsten fort i Fredrikstad i helga.

image
image
image
image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Fana Bueskytterklubb, som berre er to år gamal, var 4. beste av 37 klubbar i NM utandørs ved Konsten fort i Fredrikstad i helga.

• Les òg: Tok fleire NM-gull innandørs i april

8 av 10 Fana-skyttarar er frå Os, og to av dei gjekk heilt til topps.

Av dei ti skyttarane blei det to gull. Nybakt noregsmeister er Marny Strømland (langboge, damer) og Andreas Vik-Larsen i klassen instinkt kadett (17 år). Begge desse klassane er enkle bogar utan sikte og på 30 meter avtand frå blinken.

– Eg fekk sølv i fjor. Då skaut eg i ein annan klasse, bare bow, også den utan sikte og stabilisator, men med avtagbare lemmer og karbonpiler, fortel Marny.

I sommar byrja ho å skyta med langboge, tradisjonell boge og piler av tre (le meir om bogetypar på bueskyting.no).

– Ausande regn var nok ein fordel for oss vestlendingar, men litt ekstra utfordrande med langboge, då pilene blir våt og tung og kalkunfjørene heng og sleng.

God start på finalen

I innleiande rundar blir det skote 72 piler, der du maksimalt kan oppnå 720 poeng. Marny har skote 570 på trening. 

– Eg sa at eg kom til å bli sur om eg skaut under 500. Så skaut eg 499. Men det heldt til 2. plass før finalerundane.

I gullfinalen møtte ho ei som skaut langt over 500, og som har høg ranking.

– Eg hadde alt å vinna, og opna sterkt, noko som kan ha gjort motstandaren min nervøs.

I finalen blir det skote tre og tre piler, der beste score etter tre piler får 2 poeng, mens uavgjort gir 1 poeng. Første finalist til 6 poeng vinn. Denne gong blei det underdog Marny frå Os som stakk av med 1. plass og kan kalla seg noregsmeister!

Fire NM-sølv

Skyttarane frå Os og Fana var i fleire finalar. Til saman blei det fire NM-sølv.

Regjerande noregsmeister Bettina Moberg Johanson i klassen recurve rekrutt jenter (14 år) fekk 2. plass, det same gjorde Karl-Ludvik Tøsdal i klassen recurve rekrutt gutter (14 år), der avstanden er 40 meter, og Kjerstin Hoff i klassen recurve damer 50 på avstanden 60 meter.

Asbjørn Olav Orvedal tapte semifinalen mot Karl-Ludvik Tøsdal, som kom til gullfinalen, og Asbjørn måtte dermed skyta i bronsefinalen. Denne tapte Asbjørn, og hamna på 4. plass.

Bettina Moberg Johanson, Karl-Ludvik Tøsdal og Asbjørn Olav Orvedal tok i tillegg lagsølv i klassen rekrutt.

Utanom medalsevinnarane tok skyttarane frå Fana fleire fine plasseringar:
5. plass til Victor Hoff i klassen compound 50
11. plass til Magnar tøsdal i klassen recurve herrer 50, og Knut-Inge Johnsen i klassen langboge herrer
13. plass til Beate Mobrg Johansen på 70 meter (OL-grein).

Triveleg og talentfull

Både Marny og mannen Knut-Inge byrja å skyta då sonen, etter å ha prøvd bogeskyting under eit arrangement på Nore Neset, ville inn i klubben.

– Han har gitt seg no, men eg og Knut-Inge held fram. Vi seier spøkefullt i klubben at «eitt skot og du er hekta», og det er faktisk sånn mange opplever det.

At den to år gamle klubben gjer det så godt i konkurransar trur ho ikkje berre har med talent og god trening å gjera.

– Vi har veldig godt miljø, og ei haldning om at vi heiar både på kvarandre og på konkurrentane sine gode skot. Om vi ikkje har dagen på standplass så skal det ha vore ei fin oppleving å stå side om side med ein skyttar frå Fana, som også applauderer ei god pil som kjem frå ein konkurrent sin boge.

Den haldninga kan kanskje vera til hjelp på standplass, der du lett kan bli uroa.

– Publikum står lengre bak, men det blir jo heiing. Anten dei heiar på deg eller konkurrenten, så er det klart at det kan vera distraherande å høyra «yes, ein tiar!». Men det er ein del av jobben. Eg får seia som Ole Einar Bjørndalen, «eg gjorde berre jobben min». Å takla press er ein del av jobben i konkurransar, uansett idrett.