Sport | 20. juni 2016

NM-sølv til Geir Storetvedt Skaten

I eit par timar trudde Geir at han hadde blitt noregsmeister igjen, men denne gong blei det sølv i NM i motbakke.

NM-sølv til Geir Storetvedt Skaten
Her springer Geir S. Skaten inn til det som i nokre timar såg ut som NM-gull. (Privat foto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 20. juni 2016 11:39

– Eg forstår at dei kallar det «Noregs finaste motbakkeløp», for det var ein fantastisk fin tur, seier Geir Storetvedt Skaten.

Molden Opp var årets NM. Frå Molden (1.116 moh) har du panoramautsikt over fjorden, Breheimen og Jotunhemen.

Då Skaten kom til toppen blei han av andre deltakarar gratulert som vinnar av sin klasse og noregsmeister nok ein gong. Midtsiden var på telefon med Geir kort tid etter, men då var resultatlistene ikkje heilt klare.

– Det var Rune Opem frå Dalebrand il som vann. Han sprang opp på 52:25, eg kom i mål på 55,01 og fekk 2. plass, fekk han seinare stadfesta.

Det var 27 deltakarar i klassen menn 40 til 44 år.

7 kilometer med motbakke

Løypa startar i Marifjøra og er svært variert, både med løpsunderlag og stigningsprosent.

NM gjekk på alt frå turveg og grus til skogsløype og fjell, med stigningsprosent mellom 5 og 25.

– Mykje av løypa var slik at du kunne løpa, og det passar meg bra. Nokre av dei eg sleppte forbi meg klarte eg å henta inn igjen før mål, seier Geir.

Han var 25 sekund framfor Sverre Nesdal Aske på 3. plass i klassen menn 40 til 44 år.

Stian Angermund-Vik frå Varegg IL og var raskast av alle, uansett klasse, med tida 46:10. I dameklasse blei Eli Anne Dvergdal frå IL Gaular noregsmeistar med tida 57:48.

Ein lærepenge

– Det var fellesstart for alle klassar og 16 stykker framfor meg i mål. Det er ganske uoversikteleg, og eg har ikkje løpt mot Opem før, så eg hadde ikkje sjanse til å kjenna han igjen i målområdet.

– Dei som kom bak meg meinte at Opem ikkje hadde kome i mål, så sjølv om eg var nøgd med løpet var det litt skuffande å koma på 2. plass. Det var ein fin premie til klassevinnarane òg, eit par sko og ein weekend på hotell for to.

– Det blei ein lærepenge dette, å ikkje inkassera førstepremien for tidleg, same kva dei rundt deg trur, seier Geir og ler.

Opptur Motbakkeklubb hadde to andre deltakarar, Trond Inge Nilsen kom på 10. plass (1:04:00) av 25 deltakarar i klassen 45 til 49 år, sonen Erik Vaktskjold kom på 12. plass av 22 deltakarar i klassen 15 til 17 år (1:08:36).

Sjå heile resultatlista (Moldenopp.no)

Geir har ikkje spikra heile løpesommaren, men seier det neste han veit han skal vera med på er Ramnanuten Opp onsdag 6. juli under Tysnesfest.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.