Lokal | 15. juni 2016

No blir det veg i Lysefjorden

Eit samrøystes fylkesting stemte i dag ja til finansieringsløysinga for Åsen-Helleskaret.

No blir det veg i Lysefjorden
Finansieringsløysinga for fylkesvegarmen mellom Åsen og Helleskaret blei samrøystes vedteken i Fylkestinget (ill: SVV)
Andris Hamreonsdag 15. juni 2016 12:57

Fylkestinget har tysdag og onsdag vore samla i Rosendal. Blant dei siste sakene på sakskartet sto saka om bygging av ny fylkesveg mellom Åsen og Helleskaret.

Fylkesutvalet gav tysdag morgon ei samrøystes innstilling til fylkestinget kor dei sa;

1. Fylkestinget godkjenner oppstart av fylkesvegprosjektet Åsen – Helleskaret i Os kommune og legg til grunn ein prosjektkostnad på 61 mill. kr inklusive mva.

2. Fylkestinget godkjenner at Os kommune dekkjer 2/3-delar (34,1 mill. 2016-kr) av prosjektkostnaden etter frådrag av meirverdiavgift. Fylkeskommunen står ansvarleg for eventuelle meirkostnader. Fylkesrådmannen får fullmakt til å inngå avtale med Os kommune.

3. Fylkestinget legg til grunn at fylkesrådmannen kjem attende til prosjektet i budsjettet for 2017, og eventuelt til budsjettendring for 2016.

4. Fylkestinget legg til grunn at deler av Fv 161 og/eller Fv 163 vert nedklassifisert til kommunal veg etter forslag frå Statens vegvesen.

Skaper det presedens?

Då fylkestinget handsama saka var det ingen av representantane som tok til ordet mot innstillinga. Tom Sverre Tomren (MDG) lurte rett nok på om eit tilsvarande spleiselag hadde vore gjort tidlegare, noko fylkerådmannen ikkje kunne hugsa at det hadde vore i løpet av dei tre åra han har hatt stillinga.

– Men det er ikkje eit utvanleg prinsipp å dela på kostnadane, peika fylkesrådmann Rune Haugsdal på.

Har Os fått sitt?

Leiar i samferdselsutvalet, Nils Bjørke (Sp) peika på at det var ei litt spesiell sak i og med at politikarane seinare i vinter skal ta stilling til Regional Transport Plan.

– Det gjer at denne kjem litt ut av tur, men når Os kommune har klart å snu seg rundt og ein har ei avtale ein må trå inn i er det heilt rett av oss å seie ja til dette når Os kommune er villige til å ta sin del av kostnaden. Så får vi ta med oss at dei har fått denne vegen når vi skal handsama den regionale transportplanen, sa Bjørke før eit einstemmig fylkesting gjekk inn for framlegget frå Fylkesutvalet om å bygga vegen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.