Kultur | 04. feb. 2016

No er det berre å setta ølet

Bryggjer du øl heime i kjellaren eller garasjen? No kan du igjen vera med på bryggjekonkurranse, når Oseana inviterar til ølfestival i juni.

No er det berre å setta ølet
No er det berre å finna fram bryggjeutstyret og setta ølet på kok (foto: AH)
Andris Hamretorsdag 04. feb. 2016 11:46

Oseana Ølfestival starta opp i 2015, og var ein suksess med mykje folk, godt øl og nøgde bryggjeri. No gjentek arrangementssjef Berit Steen suksessen, og inviterer til ny festival. Og ikkje minst - til ny bryggjekonkurranse.

Så spørs det om vinnarane frå Furulunden Ølbryggarlag gjer like reint bord i år som dei gjorde i fjor.

-Responsen på fjorårets heimebryggar-konkurranse var formidabel, med over 40 påmelde brygg, så dette var tydeligvis noko som treff mange. Det er difor kjekt at vi kan vidareføre dette. To år på rad er jo ein tradisjon, smiler Steen.

Skeie held fram som juryformann

I år som i fjor har Oseana huka inn sin eigen ølhund, Tarjei Skeie, som jury- og smaksformann. Og Skeie skulle vite kva han snakkar om, han kan nemleg skilta med NM-tittel i klassa for stout og porter, samt andreplass i kåringa av årets heimebryggar 2015!

- I år utvidar vi og har fleire konkurranseklasser, forklarar Skeie.

- I fjor var vi ute etter å finne det beste sommarølet. Det er vi framleis ute etter i år, men vi deler det opp i tre ulike klasser der det er viktigare å treffe innanfor ein gitt ølsjanger. Vi har brukt Norbrygg sine typedefinisjonar, og valt ut nokre relevante sjangrar å konkurrere i. For nye bryggarar er det enkelt å finne rammene for kvar ølsort på Norbrygg sine heimesider, seier Skeie.

Dei tre klassene som skal konkurrerast i, er:

Klasse 1: Lys lager, alle underkategoriar er tillatne
Klasse 4: Lys ale, i underkategoriane A, B, C, D, E og G
Klasse 7: Kveiteøl, i underkategoriane A og C

Superfinale

Alle brygg må gjennom ein innleiande smaksrunde, der dei fyrst blir vurderte opp i mot øl i same klasse. Så vil dei beste øla frå kvar klasse gå vidare til ein finalerunde. I denne finalen blir tre øl premierte, på tvers av klassene. Vinnarane vil kunngjerast under ølfestivalen 18. juni og vinn flotte premiar, men mest heider og ære.

- I fjor fekk vi inn både gode øl og mindre gode øl, men felles for alle bryggarane var at dei var ivrige etter å få tilbakemeldingar på kva som var bra og mindre bra med ølet sitt, slik at det kunne forbetrast til neste bryggerunde. I tillegg hadde mange «interne» konkurransar, anten mot naboen, kameraten eller innan familien, som kanskje var ein større inspirasjonsfaktor enn vår kåring, ler Skeie.

– Påmeldinga er allereie opna. Ein finn alt ein treng vita på heimesida vår, avsluttar Berit Steen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.