Ordførar Marie Bruarøy og varaordførar Laila Marie Reiertsen gjekk i april ut og krevde forbod mot tigging i kommunen (foto: Andris Hamre)

No er det forbode å tigga i Os

Politidirektoratet har godkjent tiggeforbodet i Os.

Av: Andris Hamre

Tidlegare denne veka fekk Os kommune brev om at dei nye politivedtektene for kommunen var godkjent av Politidirektoratet med små justeringar.

– Politidirektoratet har merka seg at kommunestyrets vedtak ikkje er sendt tenesteveg gjennom Fylkesmannen i Hordaland, men har likevel funne å kunna handsama saka.

– Politidirektoratet stadfestar med nokre endringar Os kommunestyre sitt vedtak av 20. juni 2017, heiter det i innleiinga til brevet.

Endra tiggeforbodet

Det skapte mykje debatt då ordførar Marie Bruarøy (H) og varaordførar Laila Marie Reiertsen (Frp) i april gjekk ut og fortalde at dei ville ha eit forbod mot tigging i Os.

Etter at framlegget til nye politivedtekter vedtok eit fleirtal i kommunestyret å legga inn ein ny paragraf 5 som seier det er forbode å tigga «Det er forbode å tigga på eller ved offentlege stadar i kommunen. Med offentleg stad meinast her òg kjøpesenter, butikkar og forsamlingshus.»

I dei godkjente politivedtektene har Politidirektoratet endra dette til: «Tigging på offentleg stad er forbode.»

– Regelen er endra slik at den samsvarar med ordlyden i normalpolitivedtekta. Dette er gjort for at forbodet mot tigging på offentleg stad skal vera mest mogleg likt utforma, både av omsyn til dei som driv slik verksemd og til dei som skal handheva forbodet, heiter det i grunngjevinga frå direktoratet.