Lokal | 04. mai 2017

No er det stor gras- og lyngbrannfare

Meterologisk institutt har sendt ut varsel om stor gras- og lyngbrannfare blant anna i Hordaland. – Vi har allereie skrenka inn på kva vi tillet av bålbrenning, seier Stein Gjøsund.

No er det stor gras- og lyngbrannfare
No er det knusktørt i terrenget og stor fare for gras- og lyngbrann (arkivfoto: KVB)
Andris Hamretorsdag 04. mai 2017 10:12

Torsdag formiddag sendte Meterologisk institutt ut varsel om at det er stor gras- og lyngbrannfare i østafjells og i Rogaland og Hordaland der det ikkje er snø.

«De siste dagers vind, sol, og temperaturforhold har tørket opp vegetasjon på bakken og ført til stor fare for gress- og lyngbrann. Dette gjelder særlig i ytre strøk, og inntil det kommer nedbør av betydning eller ny vegetasjon. Faren øker. Vegetasjon kan lett antennes og store områder kan bli berørt», heiter det i meldinga.

Strålande vêr i heile helga

Langtidsvarselet for Os på Yr.no fortel om framleis vakkert vêr til over helga. Fredag, laurdag og søndag blir det temperaturer opp mot 18 grader og strålande sol. Sjølv om det skyar til i løpet av mandagen er det ikkje spådd nedbør i varselet som strekk seg heilt til laurdag 13. mai.

– Er knusktørt

Brannsjef Stein Gjøsund fortel at det er tørt i terrenget no.

– Eg var ute ein tur i går kveld, litt utanfor allfarvei og no er det knusktørt i terrenget.

– Dette gjeld både der det er årsgamalt gras, lyng, brake og nåleskog og i sørhellingar. Kombinasjonen av solsteik og vind har gjort at det har tørka fort ut, fortel brannsjefen.

Gnister kan fyka

Fleire har vore flinke og ringt brannvesenet for å søka råd om det er trygt å tenna bål.

– Vi har allereie skrenka inn på kva vi tillet av dette og sagt at ein heller bør vurdera å bruke eingangsgrill. Grunnen til at det er betre enn bål er at det frå eit bål lett kan fyke gnister 10-15 meter og tenna på terrenget.

Gjer ei risikovurdering

– Det er jo allereie eit generelt forbod mot å tenna bål i skog og mark, mindre hagebål og blåpanner heime i hagen er i utgangspunktet greitt, men ein bør gjera ei risikovurdering. Finst det noko i ein omkrets på 30-50 meter frå der du har tenkt å brenna så må du vurdera om du skal ta sjansen.

– Den nye forebyggande forskrifta opnar opp for at ein kan tenne bål heilt nede i sjøkanten, men også der bør ein gjera ei riskovurdering. Sjølv om ein tek med seg ei bøtte og kan henta vatn frå fjorden, så er ikkje det nødvendigvis så lett om gnistene fyk opp i kratt og lyng i bakkant. Med solgangsbris på ettermiddagen kan det fort spre seg, forklarar brannsjefen.

Haldingane har endra seg med åra

Brannsjefen fortel at dei fleste gras- og lyngbrannene dei siste åra har starta på ettermiddagen.

– Det har nok mykje med å gjera at vi får solgangsbrisen og vind på ettermiddagen når vêret er som no.

– Tidlegare såg vi òg ein samanheng med når skuleelevar var på veg heim, men der har det vore ei vesentleg betring dei siste 15 åra. Det trur eg heng saman med den gode jobben skulane og lærarne gjer, og det forebyggande arbeidet vi i brannvesenet gjer. Tildømes er vi no ute på sjette trinnet og snakkar om brannfare og kva en bør gjera og ikkje gjera.

– Men det viktigaste er at folk gjer ei aktiv risikovurdering ut frå sol, tørke og vind før dei eventuelt fyrar opp eit bål, avsluttar Gjøsund.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.