Lokal | 07. apr. 2015

No skuldar du 72 861 kroner

Kommunen hadde ved utgangen av 2014 ei lånegjeld på 1.391.426.521 kroner, tilsvarande 119,8 % av inntektene.

No skuldar du 72 861 kroner
Rådmann Knut Terje Rekve, her under formannskapsmøtet i februar, sender eit varsku om den høge lånegjelda (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretirsdag 07. apr. 2015 13:06

Om dei som bur i kommunen skulle betalt ned gjelda i dag ville det blitt 72 861 kroner per innbyggar.

Til samanlikning ville du for to år sidan ut med 59 536 kroner, då den kommunale lånegjelda var på 1.081.308.792 kroner. Gjelda har altså auka med vel 300 millionar kroner i løpet av dei to siste åra.

Sender eit varsku

I årsmeldinga for 2014, som skal handsamast i formannskapet neste veke, sender rådmann Knut Terje Rekve ut eit varsku om at lånegjelda ikkje bør veksa meir enn inntektsauka i åra som kjem.

– Ei lånegjeld på nær 120 % er ikkje tilrådeleg over tid. Med investeringsprogrammet som ligg i økonomiplanen vil gjelda auka, med mindre ein prøver å realisera verdiar i kommunal eigedom, skriv rådmann Knut Terje Rekve i årsmeldinga for 2014.

– I Riksrevisjonen sin rapport (3:5, 2014-2015) går det fram at det berre er 41 kommunar som per 1/1-14 har lånegjeld på meir enn 100 % av inntektene.

1/3 er ikkje renteutsett

– Utviklinga av lånegjeld er urovekkande i Os. Renteauke vil slå hardt ut, sjølv med noverande rentesikring. 1 % auke vil bety ca 4 mill kroner i netto auke i driftskostnader per år umiddelbart (eks sjølvfinansierte lån og rentebundne lån). Denne utviklinga krev stram styring i tida framover, påpeiker rådmannen.

Samstundes seier han at om lag 1/3 av lånegjelda ikkje er risikoutsett i høve rentauke, då den er knytt til sjølvfinansierande prosjekt og prosjekt kor kommunen får rentekompensasjon.

Ifølgje riksrevisjonen sine indikatorar for berekraftig økonomi burde gjeldsnivået ha vore under 75 % av brutto driftsinntekter.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.