Sport | 13. sep. 2016

Nora skåra ni mål i seniordebuten

Nore Neset sitt damelag fekk ein forrykande start på sesongen, der debutant Nora Berge (16) imponerte.

Nora skåra ni mål i seniordebuten
Nora Berge (16), her i ein treningskamp i Oshallen, debuterte som senior søndag. (Privat foto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 13. sep. 2016 08:47

Mens Os har tatt full pott på dei to første kampane i 2. divisjon og Os 2 startar serien i 4. divisjon i neste veke, fekk Nore Neset eit fyrverkeri av ein start på årets sesong i 5. divisjon.

Nore Neset leia 18-9 til pause i serieopninga borte mot BSI 2 søndag, men klarte berre å skåra tre mål i andre omgang.

– Eg veit ikkje kva som skjedde, om vi blei for trygg på leiinga, men vi fekk blant anna 13 straffar mot oss, seier trenar Fredrik Andresen.

Nore Neset tapte 22-21, men Andresen er ved godt mot.

– Det var likevel fleire lyspunkt, både måten vi spelte på i første omgang og prestasjonane til fleire av spelarane gjer at eg trur dette skal bli ein veldig god og gøy sesong.

Debutant Nora Berge skåra ni mål

Fredrik fortel at stallen er stor og god med 15 til 20 spelarar på trening og full tropp til kvar kamp.

– Vi har hatt ein del utskifting før sesongen, nokre erfarne spelarar har gitt seg, men vi har både fått inn nye frå andre klubbar og tatt opp 16-åringar frå eigen klubb.

Marte Haugsdal og Ann Kristin Lyssand har gått frå Os til Nore Neset, Nora Berge er blant dei unge som er tatt opp på seniornivå ved sidan av satsing med eigen årgang i samarbeid Os/Nore Neset.

– Nora imponerte i sin første seniorkamp og skåra heile ni mål! fortel Fredrik.

Ny trenar

Mens trenar Jaran Gustavsen leia Nore Neset til opprykk i 2013-2014-sesongen har Kjetil Bøe halde damene i 5. divisjon i dei to neste sesongane.

Nore Neset heldt seg også etter sesongen som blei avslutta i vår, der halvparten av laga i avdelinga, grunna omlegging, rykte ned.

Fredrik Andresen er ny som trenar og nøgd med starten.

– Speler vi som vi starta i førre kamp så kan vi vera med og kjempa heilt i toppen, trur Andresen.

Nore Neset speler sesongens første heimekamp på torsdag (kl 20.45).

Terminliste og tabell.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.