Jon Espevik (t.v.) og Trygve Berentzen kom til Lindesnes i dag, etter 14,5 veker på tur frå Nordkapp. (Privat foto)

Noreg på langs: I dag kom Jon og Trygve i mål

300 mil på 103 dagar: Laurdag 21. mai starta turen på Nordkapp, klokka 14.45 i dag kom Trygve og Jon til Lindesnes.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Dei hadde rekna med å bruka 16 veker på turen, Jon Espevik, Trygve Berentzen og Patrik Søreide.

Etter 14 veker og 4 dagar kom Jon og Trygve i dag i mål; Lindesnes fyr.

– Eg klarte meg 102 dagar utan gnagsår, det første og einaste fekk eg i går, seier Jon Espevik, glad og overraska over kor bra beina har halde på den lange turen.

– Det har vor ein fantastisk tur, men akkurat no er eg berre glad for at eg ikkje skal gå tre mil i morgon.

I dag blei det tre mil, i går gjekk dei fem mil og i forgårs la dei bak seg fire mil.

– Før turen var vi spente på korleis det skulle bli å vera så lenge vekke. Etterkvart som vi nærma oss mål byrja vi å førebu oss på å koma heim igjen. No gler eg meg til å møta kjærasten, familien og venar igjen, seier Trygve.

Måtte venta på velkomskomiteen

Kameraten Bjørn Sælensminde skulle venta på dei to ved Lindesnes, men Jon og Trygve gjekk så fort at han missa påtida og turgåarane måtte venta på velkomskomiteen og sprudlevatnet.

I kveld går turen til Os med fly frå Kristiansand.

Patrik, som skilte lag med osingane Trygve og Jon på Haugastøl, før den resultatlause reinsdyrjakta, gjekk vidare med kjærasten og kom i mål søndag som var.

Midtsiden kjem tilbake med intervju om turen når begge har kome seg heim og tatt skjegget.

Les òg:
Midtsiden samleside: Noreg til fots
Gutane sin blogg: norgetilfots.no


 

 

Fleire saker

bilde-midtsiden

Finvêret held fram

20. juli 2017

I kveld skal det bli 27 gradar. Dei neste seks dagane ser heller ikkje så verst ut.

bilde-midtsiden

Yrande liv

19. juli 2017

Det tok ikkje lang tid før folk strømma ut og til stranda. Del din sommar på Instagram: #mellomfjordarogfjell

bilde-midtsiden

Notabene blir ARK

19. juli 2017

Frå torsdag finn du ikkje lenger Notabene på AMFI Os. Bokhandlarkjeda ARK har nemleg kjøpt butikken på Os, som ein av 24 i landet.

bilde-midtsiden

Innbrot i barnehage

19. juli 2017

Politiet har gode spor etter innbrot i ein privat barnehage natt til onsdag.

bilde-midtsiden

Mykje stygg køyring

19. juli 2017

Politiet melder om mykje stygg køyring tysdag. Mann i 50-åra tatt utan førarkort.