Sport | 21. nov. 2014

Noregsmeister i fotball!

Fredrik Heggland frå Os og SK Brann vann i dag cupfinalen for juniorar. – Det var utruleg deilig å dra sigeren i land, seier Fredrik til Midtsiden.

Noregsmeister i fotball!
Fredrik Heggland (t.h.) saman med kaptein og midtstopparkollega Fredrik Pallesen Knudsen. (Foto: Presthus/SK Brann) 
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 21. nov. 2014 20:01

Bildeserie:

Gullaget! (Foto: Presthus/SK Brann)
Gullaget! (Foto: Presthus/SK Brann)
1 av 1
Gullaget! (Foto: Presthus/SK Brann)

Det er registrert over 470.000 fotballspelarar i Noreg, og ein osing er blant dei aller beste.

Brann sitt juniorlag vann i kveld 3-2 (2-1) over Lillestrøm i finalen i NM Telenor Cup i Telenor Arena.
Mål: 1-0: Ibrahima Dramé (3.), 1-1: Imoh Fred Friday (15.), 2-1: Joachim Soltvedt (45.), 2-2: Lars André Oskarsen (49.), 3-2: Joachim Bjånesøy (84.).

Finalen blei direktesendt på NRK 2.

Fredrik Heggland er med det juniornoregsmeister i landets største idrett, osingen spelte frå start og heile kampen.

Han er truleg den første noregsmeisteren i fotball frå Os, etter Bjørn Dahl med Viking i 2001. Bjarte Haugsdal tok i 2011 sølv med seniorlaget til Brann.

Med fire osingar på tribunen

Fredrik har framleis ikkje debutert i Tippeligaen, man han har vore i troppen med A-laget i 8 kampar. I haust fekk han proffkontrakt med Brann, men har også NM-gull stått på ønskelista?

– Alle som speler juniorfotball har ein draum om å vinna ein cupfinale. Det var ei stor oppleving, synest Fredrik, på veg til bankett med sølvvinnarane frå Lillestrøm.

Kampen hadde 711 tilskodarar, blant dei var foreldra til Fredrik, fotballentusiast Kjell Arne Hjelle og tidlegare sportssjef i Os, Roald Stigen.

– Det var gøy og dei vann fortent, meiner Roald, som også er ein stor Brann-supportar.

– Det er veldig kjekt å sjå at ein talentfull og dønn seriøs spelar som Fredrik får oppleva ein suksess som denne. Han er rask og han er, som faren sin Frode, veldig kompromisslaus i spelestilen. Han har vore gjennom ei fin utvikling sidan han kom til Brann og eg ser fram til å sjå han i Tippeligaen neste år, seier Stigen.

Tok leiinga med éin mann mindre

Tidlegare i turneringa har Brann klart seg utan baklengsmål.

I kveld leia dei tre gongar, fekk to imot og éin mann utvist ti minutt før slutt, men tok leiinga igjen ved matchvinnar Joachim Bjånesøy og stakk av med sigeren.

Den var ekstra etterlengta for Brann, som tapte cupfinalen både i 2011 og 2012. I fjor rauk dei ut i semifinalen.

Les kampreferat på Brann.no.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.