Kjøpmann Siv Grindevoll og driftsleiar i region vest Hugo Jentoft ved kjøttdisken, som snart skal fyllast med varer. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Nøye tilpassa trendar og lokalsamfunnet

Vi har vore på omvising på Spar Nore Neset dagen før opning.

image
image
image
image
image
image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

I desember blei det klart at Siv Grindevoll frå Nore Neset blir kjøpmann for ny Spar-butikk i næringsområdet Kloppamyra, mellom Ulven og Skeie.

I morgon er det opning, først i dag føler Grindevoll at det byrjar å bli hektisk.

– Vi har hatt full kontroll heile vegen, men det er mykje som skal på plass i løpet av dei siste timane, seier Grindevoll.

Ein port blei ståande fast på fjellet, men er no i ferd med å bli montert, nokre uttak til ladepunkt for elsykkel kjem først i mai og nokre handplukka spesialvarer kjem òg ei stund etter opningsdagen.

– Men butikken er fylt med varer og vi er spente på både besøkstalet og kapasiteten. Vi har førebels berre to kassar, så det kan bli ein travel dag.

16 nye arbeidsplassar

Det er ikkje berre Siv, som byrja i daglegvarebransjen for 25 år sidan, som no har kome på heimebane.

– Vi hadde enormt med søkjarar på stillingsannonsane vi hadde ute, og har tilsett mange lokale medarbeidarar. Fleire av dei bur på Nore Neset og kan spasera til jobb.

Nokre av dei tilsette har lang erfaring frå bransjen, andre er ferske ungdomar på 16 år.

På veg til Ervikane

Ved sidan av å vera tilpassa morgonfuglar, med ope frå klokka 6.30 om morgonen (noko seinare på opningsdagen i morgon), er Grindevoll bevisst på eige nærområde.

– På godvêrsdagar vil vi ha grillspyd og brett med ferdigskorne melonar klare, varer som er lett å ta med seg i Ervikane. Vi vil òg ha kransar for dei som skal besøka gravplassen ved Nore Neset kyrkje.

Sjølv om det i dag er ei maurtue av aktivitet i butikken, fekk vi inntrykk av at butikken både er oversikteleg og har godt med rom mellom hyllene.

– Nokre hyller kan forlengast ved behov, men eg føler vi allereie til opningsdagen har godt utval.

Kortreist og handplukka

Ved sidan av Spar sitt utval av lokalmat har Siv sjølv vore ute på handletur.

– Vi er heldige som får Lyssand sin Crispi-salat, og vi kjem til å få inn både råvarer som Berit Nordstrand bruker og proteindrikker, øl og anna som vi ser er i vinden. Vi prøver å følgja godt med sjølv, men tar gjerne imot tips.

– Vi prøver og å vera flinke på sosiale media. Ikkje berre ivrige, men til nytte, at vi deler informasjon og gode oppskrifter, seier kjøpmannen dagen før dagen.