Sport | 09. mai 2017

Nr 8 av 104 i Ulriken Opp

Andreas Søfteland viser toppform før Linken Opptur. Også fire andre frå Os gjorde det sterkt opp Ulriken.

Nr 8 av 104 i Ulriken Opp
Andreas Søfteland var raskaste frå Os og kom på 8. plass uansett klasse. Erik Vaktskjold kom på 31. plass og tok 2. plassen i gutar 16-17 år. (Privat foto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 09. mai 2017 07:09

Ulriken Opp blir arrangert av SK Baune og BFG Bergen Løpeklubb, med både mosjon- og konkurranseklasse.

I konkurranseklassensom startar på havnivå ved Store Lungegårdsvann, er 3,6 km lang og går 605 meter opp.

Opptur Motbakkeklubb stilte med fire deltakarar. Raskast var Andreas Søfteland, som kom på 8. plass uansett klasse av 123 som fullførte (104 av desse er menn).

– Eg har berre deltatt éin gong før, eg trur det var for tre år sidan, då brukte eg cirka to minutt meir på løypa.

• Les òg: Andreas på 18. plass opp Ulriken (2014)

– Det var fint vêr på laurdag, men ikkje optimale forhold. Det var rett og slett for varmt til at det blei dei heilt gode tidene. Også vinnaren, Stian Angermunn-Vik (22:41), som er i god form, brukte litt lengre tid enn før opp løypa.

Alle kom på topp 2

Også dei tre andre frå Opptur Motbakkeklubb gjorde det bra, alle kom på topp 2 i sine klassar.

Erik Vaktskjold og Stein Kjetil Hefte, som førre helg vann sin klassar i Bergen City Marathon, tok kvar sin 2. plass.

Marita Nygård og Geir S. Skaten vann sine klassar.

Her er resultata og tidene, inkludert Geir Storetvedt Skaten, som sprang for Gular:

Kvinner:
3. plass Marita Nygård 31:02 (1. plass 23-34 år)

Menn:
8. plass Andreas Søfteland 25:49 (6. plass i klassen 23-34 år)
14. plass Geir S. Skaten 27.52 (1. plass i 40-44 år)
31. plass Erik Vaktskjold 30:37 (2. plass i 16-17 år)
50. plass Stein Kjetil Hefte 33:52 (2. plass i 55-59 år)

I den 1.730 meter lange mosjonsklassen med tidtaking, der deltakarane sprang 405 høgdemeter frå Montana til toppen, blei det òg ei god plassering til deltakar frå Os.

Glenn Sundnes sprang opp på 20:40 og tok 10. plass av i alt 153 deltakarar.

• Ekstern lenkje: Resultatliste frå Ulriken Opp

Ser fram til Linken Opptur

Søndag 28. mai er det tid for det lokale, tøffe motbakkeløpet Linken Opptur.

– I fjor fekk eg starten på sesongen øydelagd av to økter med influensa, eg var så vidt på beina igjen då eg deltok opp Linken, fortel Andreas, som på førehand hadde uoffisiell klubbrekord og var favoritt.

• Sjå resultat og bildeserie frå Linken Opptur i fjor (første gong)

– I år har eg fått ei betre oppkøyrin, og det var godt å merka at konkurranseformen var inne. Neste konkurranse for meg blir Linken Opptur, seier Andreas.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.