Næringsliv | 22. nov. 2014

Ny festival i sentrum

Sentrumsforeninga og kultureininga med førjulsfestival i sentrum. – Det er folk som skapar liv på øyro.

Ny festival i sentrum
Kultursjef Lisbeth Axelsen, Laila Moberg frå sentrumsforeinga og kulturkonsulent Kjetil Osablod Grønvigh skipar til julefestival i sentrum (foto: Andris Hamre)
Andris Hamrelørdag 22. nov. 2014 09:29

Det heile starta med at Laila Moberg i sentrumsforeninga drøsa med Kjetil Osablod Grønvigh og Lisbeth Axelsen frå kultureininga omkring kva ein kunne gjera for å skapa liv i sentrum før jul.

– Vi vil ha eit todagars julemarknad 13. og 14. desember, fortalde Moberg.

– To dagar, då er det jo ein festival, var den kjappe responsen frå kulturkonsulent og rockemusikar Osablod Grønvigh.

Og festival blir det.

Eirik, Gina og Fredrik

Med samrøyste om at det skulle bli meir enn berre marknad var det berre å drøsa vidare korleis ein ville gjera det.

– Vi kjem til å ha artister på scena på torget kvar heile time.

– Dei spelar femten tjue minutt, før folk kan kosa seg med å gå rundt i bodene, handle litt til jul eller ta seg ein matbit.

– Neste heile time kjem ein ny artist på scenen, forklarar dei tre.

– Kva artistar er det snakk om då?

– Vi skal ha 12 artistar. Åtte på laurdag og fire på sundag.

– Alle er ikkje på plass, men allereie no er Eirik Søfteland, Gina Aspenes, Idol-Fredrik og Hans Marius Johnsen booka.

Utfordrar på julesongar

Artistane skal sjølvsat få spela eigeprodusert materiale, men ikkje berre det.

– Vi har gitt dei utfordringa med å plukka ein julesong eller to og tolka den på deira måte.

– Det trur vi kan bli utruleg spennande og stemningsfullt.

– Heile festivalen byggjer vidare på den gode stemninga det var på marknadsdagene før jul i fjor, så håper vi berre på same fine vêret, smiler dei tre.

Stemningsfull nissestove

I Os sitt eldste bygg, Borgerstova ved prestegarden, blir nissen installert.

– Der er den "ektaste" nissen av dei alle, men det kjem til å bli meir enn berre nissebesøk.

– Vi sett opp transport frå sentrum og opp gjennom ein lyssett allé til prestegarden.

– Folk kan sjølvsagt gå opp der òg om dei heller vil det.

– Der blir det mogleg å kjøpe nissegraut, gløgg, saft og liknande medan ein venter på å få komma inn i ei stemningsfylt nissestove.

– Kva type transport har vi ikkje lyst til å røpa enno, men at det blir bra kan vi lova, smiler arrangørane, som vil ta heile sentrum i bruk.

Framleis plass

Julemarknaden, som er utgangspunkt for det heile, er sjølvsagt ikkje gløymd.

– Vi låner bodene Tor Inge Døsen fekk laga til bryggedansen i sommar. I tillegg har vi telt og anna tak, så det er plass til alle som ønskjer det.

– Om det er nokon som har lyst å selja noko eller om det er lag og organisasjonar som vil ha lykkehjul eller tilsvarande, er det berre å ta kontakt med meg eller Tove S. Tvedt.

– Vi har plass til alle og vil skapa eit myldrande liv på Øyro denne helga, seier Laila Moberg.

– Det er folk som skapar liv på øyro, så håpar vi festivalen kan bli ein tradisjon som gjer at folk må til Os for å få den rette julesteminga, avsluttar dei tre.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.