Ny signering for Lysekloster
Lysekloster signerte tysdag stortalentet Vladan Radojkic.
22. november blei det klart at Ruben Hetlevik tok over som hovudtrenar i Lysekloster. No er nyetrenaren klar med si andre nysignering etter at han signerte Håkon Moldekleiv i slutten av november.
Vladan Radojkic signerte tysdag for klubben.
Radojkic er sentral midtbane, 19 år gamal, busett i Fyllingsdalen og går siste året på vidaregåande skule.
– Eg trente med Lysekloster i sommar, det var mange kjente der og eg likte meg veldig godt i miljøet og i laget, seier Radojkic til klubben si heimeside.
Fire landskampar
Midtbanespelaren starta karriera i Løv-Ham før han kom til Fyllingsdalen då dei to klubbane slo seg saman. Som juniorspelar gjekk han vidare til Brann, kor han har åtte kampar for Brann 2 i 2015-sesongen.
I 2015/16 har han spelt for 2. laget til Hercules Juv i Spania.
Radojkic har fire kampar for det norske G 16-landslaget.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.