Sport | 23. feb. 2016

Ny spiss på Kuventræ

Tidlegare Førde- og Fyllingsdalen-spelar, Christoffer Hafsås, signerte i kveld med Os.

Ny spiss på Kuventræ
F.v.: Jan Frode Skeie, Christoffer Hafsås og Hassan El Fakiri før kontraktsignering tysdag kveld. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 23. feb. 2016 21:31

Fleire klubbar, dei fleste frå 2. divisjon, har i vinter vist interesse for den tidlegare storskåraren frå Førde.

Hafsås spelte eitt år i 3. divisjon og to sesongar i 2. divisjon for Førde før han i 2013 gjekk til Fyllingsdalen. Etter 2014-sesongen tok han seg eit år pause frå fotball. No er han klar for Os.

– Eg måtte tenka meg om ei stund då Os tok kontakt, men no har eg vore på to treninger på Kuventræ og eg har eit veldig bra inntrykk av både dei nye lagkameratane mine og klubben.

– Eg har tru på det Os held på med, eg ser fram til resten av sesongoppkøyringa.

Jobbar i Bergen

Hafsås fyller 24 år i år. Han har vakse opp i Stårheim IL i Nordfjord før han gjekk til Eid og vidare til Førde som senior.

Dei siste åra har han gått fagskule i Bergen og no jobbar han som elektrikar i eit firma frå by'n.

– Dette var uvant

Sportsleg leiar Jan Frode Skeie var nøgd i kveld, i alle fall til bilde skulle takast.

– Dette var litt uvant, sa den ganske høge sportssjefen, som måtte sjå opp på 1,93 cm høge Hafsås.

– Før vi gjekk vidare med Hafsås så kontakta eg tidlegare Os-spelar og Førde-trenar Knut Erik Folland. Han meinte vi gjorde eit skup om vi fekk Christoffer med oss, seier Skeie.

Feilvendt og rettvendt

A-lagstrenar Hassan El Fakiri er like nøgd med signeringa.

– Det eg har sett av Christoffer på desse to første øktene er at han er dyktig både rettvendt og feilvendt, han plasserer seg godt og han er ein god avsluttar, seier Hassan.

– Han har heldigvis trent godt sjølv om han har vore vekke frå fotball. Det er bra at han kjem inn no, så han får nokre veker med oss før serien startar, det er noko anna å trena fotball enn berre å løpa.

– Er stallen komplett no?

– Ja, no ser det bra ut. Held denne gjengen seg skadefri så ligg vi godt an. No har vi ein fin kombinasjon av erfarne spelarar og nokre herlege ungdomar, seier Hassan El Fakiri.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.