Kultur | 22. mars 2014

Nydeleg TV-debut

Sjå Aurora framføra «Awakening» og les kva ho synest om å opptre på direktesendt TV for første gong.

Nydeleg TV-debut
Aurora Aksnes. (Foto: Jannice Bårdtvedt)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 22. mars 2014 10:12

VIDEO: Under ser du Aurora framføra ei av låtane hennar, «Awakening». (Foto: NRK. Sjå heile opninga på NRK.no)

Den unge, nyoppdaga låtskrivaren og songaren Aurora Aksnes frå Os hadde TV-debuten sin på direktesendt opning av Hamar Kulturhus for ei veke sidan.

– Vi var supernervøse, men til slutt måtte eg berre gløyma at det var TV.

– Eg lata som om eg sto på rommet mitt og song, og det gjekk bra, seier Aurora til Midtsiden.

Eggum-klem og god pleie

Det blei ein lang dag for frøken Aksnes, som sto opp klokka 5 om morgonen for å rekka lydprøve og førebuingar i kulturhuset før opning og konsert.

– Trass reising og all ventinga var det veldig kjekt. Det var rart å sjå Jan Eggum og endå rarare å få ein klem av han, synest Aurora.

Å bli sminka og styla i ein heil time var også nytt Aurora.

– Det er ikkje heilt min stil, så eg bad dei gjera det så naturleg som mogleg.

Torsdag speler Aurora på Lille Ole Bull i Bergen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.