Lokal | 14. des. 2010

Nye brot

Stegen er delvis sperra to stadar grunna graving. Kommunen håper å vera ferdig i løpet av veka.

Nye brot
Andris Hamretirsdag 14. des. 2010 09:28

I august flomma vatnet nedover Stegen og fleire husstandar, Bjørnefjorden Gjestetun og sjukeheimen blei utan vatn. Då kommunen lytta på leidningen hørte dei ei lekkasje til. No har dei funne den og er i ferd med å få reparert den.

- Vi nyttar eit elektronisk lytteutstyr for å avdekkja lekkasjar på vatnleidningane, fortel fagleiar Finn Harald Eliassen i Os kommune.

- Vi hørte det var ei lekkasje til, men det har tatt tid å lokalisera ho. Diverre har vi hatt fleire bom før vi endeleg fann lekkasjen på ein privat stikkleidning.

Når dei lyttar etter lekkasjar kan dei oppleve at ei stor lekkasje kamuflerar mindre lekkasjar. Eliassen tør difor ikkje lova at dei er heilt ferdige med gravinga.

- Når vi har tetta denne lekkasja kjem vi til å lytte på nytt for å høre om det finns fleire hol på leidningen vi må gjera noko med.

To plassar
Midtsiden.no har fått spørsmål frå bebuarar i området om kvifor dei grev to plassar.

- Den nedste er der det var brot i leidningen. Den øvste plassen er kor det sto ein knekt brannhydrant som var ute av funksjon. Fordi vi skal asfaltera vegen når vi er ferdig valte vi å fiksa brannhydranten òg i same slengen, forklarar Eliassen som skjønar bebuarane si uro for den smale vegbanen om det blir glatt.

- Eg håpar vi skal klare å gjere oss ferdig med arbeidet i løpet av veka, avsluttar Finn Harald Eliassen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.