Lokal | 09. sep. 2017

Nytt førarkort nær beslag

Ein ung bilførar er meldt etter å ha sladda gjennom rundkøyringa ved Meny.

Nytt førarkort nær beslag
Politiet stoppa ein bilførar ved Meny etter breisladd gjennom rundkøyringa. (Arkivfoto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 09. sep. 2017 07:34

Fredag kveld rundt midnatt blei ein 18 år gamal bilførar stoppa av politiet.

– Han kom med breisladd gjennom rundkøyringa mellom E39, Byvegen og Industrivegen, fortel operasjonsleiar Eivind Hellessund i Vest politidistrikt.

Uaktsam køyring kan føra til førarkortbeslag, som det gjorde i Os både i januar og i november i fjor.

– Det blei ikkje tatt beslag på staden, men bilførar er meldt.

Politiet melder elles om ein roleg fredag og natt til laurdag, og opplyser at dei laurdag klokka 8.15 fekk melding om påkøyrd katt i Tøsdalsskiftet.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.