Sport | 14. des. 2014

Nytt nordisk gull

Ariel Braathen med sitt andre nordiske symjegull i helga. Vann 200 meter bryst suverent.

Nytt nordisk gull
Ariel Braathen sekundar før start på 200 meter bryst (skjermskot frå livetiming.se)
Andris Hamresøndag 14. des. 2014 16:18

Ariel Braathen starta det nordiske juniormeisterskapet i symjing særs bra fredag då ho vann 100 meter bryst og blei nordisk meister.

Laurdag var det halve distansa som sto på programmet og ungjenta frå Søfteland gjorde det igjen bra med ny personleg rekord og sølv. Ariel sumde på 31.76, berre slått av finske Silja Känsäkoski.

Sundag sto 200 meter bryst på programmet og Ariel starta forrykande med å knusa motstandarane allereie i forsøket med tida 2:30:06 og dermed bane fire som storfavoritt i finalen.

I finalen har ho full kontroll på nervene. Dei første 100 metra går unna på 1:11:63, berre Sini Koivu frå Finland i bane tre klarte å følgje Ariel halvvegs i løpet.

På dei siste 100 metra parkerar Ariel også Koivu og går i mål som suveren nordisk meister på 2:28:75. Einaste jenta under 2:30. Koivu tek sølvet, medan bronsa går til danske Josefine Pedersen.

Igjen blei det ny personleg rekord på Ariel Braathen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.