Lokal | 19. nov. 2015

Nytt om skulegudstenester

Så lenge ein vel å tillate gudstenester i skulen, må aktivt samtykke frå foreldra vere eit minimum, skriv Egil H. Haugland i dette lesarbrevet.

Nytt om skulegudstenester
Skal elevane vera med på skulegudsteneste må dei ha samtykke frå foreldra (ill.foto: AH)
Lesarinnleggtorsdag 19. nov. 2015 10:20

Det har både Barneombodet, lærarane si fagforeining og Human-Etisk Forbund argumentert for. No har Utdanningsdirektoratet sagt seg samd i dette.

Sidan 2007 har Utdanningsdirektoratet hatt retningsliner for skulegudstenester, men vi i Human-Etisk Forbund får meldingar som viser at det fortsatt finns skular som ikkje følgjer dei gamle reglane. I midten av november kom det dessutan ei viktig endring i retningslinene.

Det er framleis eit lovforbod mot forkynning og påverknad til tru i KRLE-faget. Skulegudstenester er berre godtatt så lenge dei ikkje er ein del av KRLE-faget. Skulen kan berre ha gudstenester «som en del av sin generelle kultur- og tradisjonsformidling», skriv Utdanningsdirektoratet.

Men Utdanningsdirektoratet har en del føresetnader som må oppfyllast for at det skal vera godtatt å ha gudstenester i skuletida.

Må ha samarbeid og gode høve til fritak

Gudstenesta skal bli gjennomført i samarbeid med foreldre og elevane. Dersom skulen ønskjer å delta på ei gudsteneste, bør dette bli tatt opp med foreldre i forkant, for eksempel gjennom samarbeidsutval eller foreldreråd.

Skolen må tilby ikkje-diskriminerande fritaksordningar gjennom likeverdige alternative tilbod for dei som melder om fritak. Skulen skal gje informasjon i så god tid at foreldre eller elevar som ønskjer det, med rimelig frist, kan melde om fritak.

Det skal være enkelt for foreldra og elevane å forstå kva dei eventuelt skal be seg fritekne frå. Foreldra eller elevane skal ikkje måtte gje ut informasjon om eiga tru, og ei melding om fritak skal ikkje grunngjevast.

Bør ha aktiv påmelding og felles avslutning

Utdanningsdirektoratet har vidare nokre sterke tilrådingar, som skulene må ha svært gode grunnar for å hoppe over.

Direktoratet meiner skulen bør organisera deltaking på gudstenester ved at elevane aktivt melder seg på. Det bør være samtidig påmelding til gudstenester og alternative tilbod.

Gudstenesta bør ikkje ha karakter av semesteravslutning, då ei avslutning bør være samlande for alle elevar på skulen. Avslutningsarrangement, og andre markeringar i løpet av skuleåret som er meint å inkludera alle elevar, bør derfor leggjest til skulen, slik at alle kan delta.

Rektor bør jamleg gjennomgå reglane om fritak frå aktivitetar med lærerane for å sikra at fritaksretten vert praktisert riktig.

Ver varsam og ærleg

Kunnskapsdepartementet har etter KRL-dommen mot Noreg i Menneskerettsdomstolen bede skulane vere spesielt varsame med deltaking i religiøse aktivitetar i dei lågaste klassetrinna, men dette er det dessverre mange rektorar som ikkje følgjer opp.

Human-Etisk Forbund meiner at både skulen og kyrkja må vere ærlege og presisera for føresette og elevar at ei «juleavslutning i kyrkja» er fullverdig gudsteneste med andakt, bøn og religiøse handlingar. Ifølge Den norske Kyrkja sin egen definisjon er ei gudsteneste «stedet der de kristne blir synlig som en menighet; et fellesskap av mennesker som deler troen på Gud, og Jesu Kristi oppstandelse».

Øving til gudsteneste

Utdanningsdirektoratet presiserer no at også ved øving til framføring på skulegudstenestene gjeld dei same reglar om god informasjon på førehand, likeverdig alternativt tilbod, samtidig påmelding, fritak, samarbeid og forståing.

Skulane kan heretter ikkje leggja til grunn at alle deltar på gudstenester. Det er dei føresette, eller elevane sjølv når dei har fylt 15 år, som avgjer om de vil tene gud på skulen.

Egil H. Haugland
Midthordland lokallag av Human-Etisk Forbund

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.