Lokal | 26. mai 2017

Nytt skjenkeløyve til Engeline

Nye drivarar har fått løyve, men ved ein glipp har dei mista ein time på natta.

Nytt skjenkeløyve til Engeline
Pub fredag og laurdag kveld har blitt ein viktig del av drifta til Engeline. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 26. mai 2017 09:22

Dei nye drivarane av Engeline, som i mars oppgraderte uteplassen og tilbodet med pub på kveldstid, har skjenka på førre drivar sitt løyve fram til førre helg.

– Vi har søkt om, og fått, eige løyve, seier Svein Marcelius.

Eit samstemt formannskap godkjente søknaden 16. mai.

Frå klokka 2 til 1

Førre drivar hadde skjenking til klokka 2 om natta, noko brørne Marcelius med mannskap har hatt glede av.

Men søknaden som no er innvilga gir løyve til klokka 1 natt til laurdag og søndag, og til klokka 23 dei fem andre kveldane i veka.

Løyvet til klokka eitt gjeld også utandørs.

Har sendt ny søknad

– Det er ikkje eg som har styrt med søknaden, så eg kjenner ikkje detaljane, men dette var ein glipp frå vår side, seier Svein.

Søknad om å endra løyvet til klokka 2 er sendt. Engeline har bedt om skjenking til klokka 2 alle dagar i veka, for å unngå problematikken fleire utestadar har hatt natt til helligdagar, der enkelte har måtta gje seg tidleg sjølv om folk flest har oppfatta kvelden som helg.

– Pubkveldane er ein viktig del av drifta vår, og vi ønskjer å halda fram med skjenking til to. Fram til ny søknad er behandla og innvilga, held vi ope som vanleg, men må dessverre gi oss klokka eitt.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.