Sport | 12. mars 2015

Odds i fritt fall

Bookmakarane har auka tru på opprykk for både Os og Lysekloster.

Odds i fritt fall
Får vi sjå meir av dette? Ja, meiner NordicBet, både på Kuentræ og i Lysefjorden. (Arkivfoto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 12. mars 2015 13:12

Om du satsar pengar på opprykk til eit av dei lokale 3. divisjonslaga i år, så er det ikkje lenger like store pengane å henta om dei vinn avdelinga si.

Bookmakarane har nedjustert kraftig, spesielt Os sin odds for opprykk til 2. divisjon.

Frå 11 til 4,5 i odds

Os blei først tippa på 6. plass til 11 i opprykk-odds, men er no rangert som nummer to hos NordicBet.com til 4.50 i odds. Berre Stord har lågare odds.

– Os hadde ein svært skuffande sesong i fjor og endte til slutt på 6 plass. Dei var ekstremt ustabile og var aldri i nærleiken av opprykket.

– I år ser det veldig annleis ut. Hassan El Fakiri er henta inn som trenar og vil nok styrka laget noko voldsomt. Dei har også henta inn nokre klassespelarar og har ambisjon om å slåst om opprykk, seier oddssetjar Daniel Vassbund frå NordicBet.com.

Kampen om Gaustad

I avdeling 7 er Lysekloster ny favoritt framfor Brann 2.

- Lysekloster var lenge kjent som eit lag som rykte opp kvart einaste år i divisjonssystemet. Tredjedivisjon har til no vore nivået det har stoppa opp. Dei har vore blant favorittene i to år på rad, men det har blitt med forsøket.

– Sotra er kanskje deira argaste konkurrent. At Lysekloster vann kampen om Tommy Gaustad kan fort avgjera serien i deira fordel.

– Dette er ein klassespiss som har bøtta inn mål i 2. divisjon og bør score rundt 20 mål i denne avdelingen. Nesten alle vinnarspel er sett på Lysekloster og vi har kappa oddsen mykje sidan november, forklarer Vassbund.

Vinnarodds, 3. divisjon avdeling 6 frå NordicBet.com:
1. Stord 2.65 (-0.65)
2. Os 4.50 (-6.50)
3. Viking 2 5.00 (-1.00)
4. Vardeneset 10.00 (+5.00)
5. Randaberg 10.00 (+1.00)

Vinnarodds 3. divisjon avdeling 7 frå NordicBet.com:
1. Lysekloster 1.85 (-1.15)
2. Brann 2 4.00 (+2.50)
3. Sotra 4.00 (-1,00)
4. Bjarg 12.00 (+2.00)
5. Tertnes 12.00 (-8.00)

Startar med toppkampar

Serien i 3. divisjon startar laurdag 11. april.

Os startar borte mot Stord, Lysekloster startar borte mot Sotra.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.