Kultur | 07. mars 2015

– Øl er kultur

Oseana arrangerer ølfestival. – Her skal både mikrobryggeria få visa seg fram og heimebryggarane konkurrera om å laga det beste ølet.

– Øl er kultur
Roald Mjeldstad og Berit Steen gler seg til ølfestival på Oseana 20. juni (foto: Andris Hamre)
Andris Hamrelørdag 07. mars 2015 06:24

Laurdag 20. juni, dagen før Statsraad Lehmkuhl reiser frå Os til Shetland og same dagen som kommunen planlegg bryggedans framfor Os sjøfront, inviterer no Oseana til ølfestival.

– At bryggedansen og ølfestivalen fell på same dag er berre heilt topp. Dei to arrangementa vil styrka kvarandre, og vi ser no på korleis vi kan sørgja for at dei dreg kvarandre opp.

– Det kan bli eit yrande liv med fleire tusen menneske på Mobergsneset i løpet av laurdagen, stråler Berit Steen, arrangementssjef på Oseana.

– Mat og drikke er kultur

Bakgrunnen for ølfestivalen er ifølgje Steen den stadig auka interessa for ølbrygging.

– Heimebrygginga har tatt heilt av.

– Det er ikkje berre dans, musikk og teater som er kultur. Også mat og drikke er kultur. Det har det vore gjennom alle tider, så med den interessa vi ser det er for øl, så fann vi ut at vi ville skapa ein eigen ølfestival ved Bjørnafjorden.

Heimebryggarane skal få konkurrera

Steen er sikker på at det både i Os og nabokommunane er ei rekkje av folk som bryggar øl på hobbybasis.

– No skal dei få moglegheiten til å få testa ølet sitt på ein kvalifisert jury.

– Ein sentral del av festivalen blir nemleg konkurransen mellom heimebryggarane, der smak, lukt, utsjånad og liknande blir vurdert, og ein vinnar blir kåra.

– Vi har ikkje heilt bestemt oss kva øltyper ein kan konkurrera i enno, men det blir i alle fall ein klasse for Pale Ale.

– Vi reknar med å opna påmeldinga rett etter påske, så det er berre å følgja med på heimesidene våre for meir informasjon etterkvart, seier Steen, som inviterer ølbryggjarar i heile Hordaland til å delta på konkurransen.

Bryggekurs i forkant

Ikkje berre røynde ølbryggarar kan delta i konkurransen.

– Vi jobbar no med å få på plass eit ølbryggjarkurs i sidekjøkenet vårt. Det vil bli eit kurs over fleire kveldar. Den eine kvelden set ein ølet, den neste blir det å tappa om og er det smaking.

– Det vil bli eit ganske unikt kurs, for vanlegvis får ein ikkje sjansen til å vera med på heile prosessen, inklusiv smaking. Men sidan vi har skjenkeløyve, så let det seg gjera.

– Deltakarane kan sjølvsagt også melda seg på konkurransen om å laga det beste ølet rundt Bjørnafjorden, fortel Roald Mjelstad, drivaren av restauranten på Oseana.

Smaksprøvar og foredrag

I tillegg til konkurransen for heimebryggarane vil det bli delt ut ein «best i show» blant mikrobryggeria som deltek på festivalen.

Vi reknar vel etter at det finst 8-10 profesjonelle mikrobryggeri på Vestlandet.

– 7 fjell og Voss mikrobryggerier har allerede meldt seg på. Vi håper sjølvsagt at alle dei andre blir med òg. I tillegg planlegg vi å invitera eit frå Austlandet.

– Publikum får sjansen til å kjøpa seg eit smaksprøveglas og bongar, slik at ein kan få testa dei ulike produkta før dei kan stemma på kva øl dei likte best. Vinnaren blir, om vi får det som vi vil, kåra på bryggedansen på kvelden.

– I tillegg blir det sjølvsagt sal av øl-tilpassa mat frå restauranten og fleire interessante foredrag.

– Mellom anna jobbar vi med å få til eit om jenter og øl, avsluttar Steen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.