Sport | 16. juni 2015

Olsen til Lysekloster?

Os kan mista toppskåraren sin i sommar. Samtidig jobbar Os med å få inn fire nye utanlandske spelarar.

Olsen til Lysekloster?
Christer Olsen før kamp mot Lysekloster i fjor. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 16. juni 2015 12:12

Begge tredjedivisjonsklubbane i Os jobbar med å styrka stallane sine før haustsesongen.

Os kan koma til å måtta jakta på ein spiss meir enn dei først trudde.

– Ingenting er uaktuelt, seier Christer Olsen om interessa frå Lysekloster.

Skal ha 4 til 6 nye

Hovudtrenar for Lysekloster, Ørjan Sandal, seier han ønskjer nye forsvarsspelarar og nye spissar til haustsesongen.

– Vi mister Johannes Jordal og Lars Henrik Skage, då begge reiser vekk grunna studie til hausten. Begge har også slite med skade og stor sett spelt som innbytarar i vårsesongen.

– I forsvar har vi hatt få spelarar heile vegen. Flaa, som speler midtstoppar, er i utgangspunktet midtbanespelar, seier Sandal.

Han stadfestar at Christer Olsen er blant spelarane Lysekloster ser på som interessant, men vil førebels ikkje seia kor aktuelt det er å tilby han kontrakt.

– Det har sett mørkare ut

Olsen seier at han har vore i kontakt med Lysekloster også tidlegare år, men då har det ikkje vore aktuelt å gå.

– Det er alltid hyggeleg når klubbar viser interesse, og det er ikkje uaktuelt denne gong.

– Os ligg nest nedst på tabellen, Lysekloster ligg på 2. plass i si avdeling. Har det gjort det enklare eller vanskelegare å vurdera å gå?

– Begge delar. Å kjempa i toppen er kjekt, men å gå frå eit lag som har det vanskeleg er ikkje behageleg. Men det har sett mørkare ut for Os enn dette, og eg har halde meg her gjennom andre periodar.

– Det er viktig å vera lojal, men samtidig vil eg ta omsyn til meg sjølv som spelar, seier Olsen, som skaut Os til 2. divisjon då han blei matchvinnar i siste og avgjerande opprykkskamp mot Austevoll i 2009.

Os jobbar med fleire nye

Verken Lysekloster eller Olsen har bestemt seg. Olsen har amatørkontrakt med Os ut året.

– Christer er både god og ein av våre mest erfarne spelarar. Det er trist om vi mister han, seier formann i Os Fotball, Knut Haddal.

– Vi har likevel ein policy om at dei spelarane vi bruker skal ønskja å spela i Os og vera svoltne på å prestera. Om ein eller annan spelar, uansett årsak, ønskjer å gå, skal vi ikkje stå i vegen for det.

Sjølv ser Os etter fleire nye spelarar, både lokalt og utanlands.

– Vi har fire konkrete som vi jobbar med no, alle er utanlandske. Ein av dei, ein spanjol, var her og trente med oss i førre veke.

– Os har hatt utlendingar på prøve før. Ingen av dei blei aktuelle for A-stallen. Blir det betre denne gong?

– Ja. Vi ser etter spelarar frå høgare nivå, typar som kan den fotballen vi speler og som kommuniserer godt. Du kan aldri vera sikker, men denne gong blir det gjort ein heilt annan bakgrunns- og kvalitetssjekk før eventuell signering, seier Haddal.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.