Kultur | 20. sep. 2013

Omringa av osingar

Danseløva Eirik er klar for tango i morgon. Men unge herr Søfteland er ikkje den einaste sentrale osingen i Skal vi danse.

Omringa av osingar
Skal vi danse-trio frå Os: Eirik saman med presseansvarleg Unn Grethe Berge i TV2 (t.v.) og deltakaransvarleg Siri Rosmer frå&nbsp;<span style="line-height: 1.538em;">Monster Entertainment.</span>
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 20. sep. 2013 09:44

– Eg måtte ringa Siri med éin gong eg såg at det skulle vera ein osing med i Skal vi danse, fortel kommunikasjonsrådgjevar i TV2, Unn Grethe Berge.

Ho er frå Os og har vore presseansvarleg for Skal vi danse sidan første sesong. Siri Rosmer er på oppdrag for Monster Entertainment og er deltakaransvarleg.

(Nedst i artikkelen kan du sjå kva deltakarane skal dansa i morgon.)

– Det er eit heilt maskineri rundt deltakarane, der Siri er tettast på og eg er rådgjevar og ledd mellom presse, deltagarar, dommarar og programledarane.

Dei to damene frå Os jobbar tett saman og seier dei har veldig god kjemi. Då blei det ekstra kjekt å få Eirik inn i stallen.

– Det har vore stas å jobba med bergensarar som Tor Endresen, Rune Larsen og instruktør Tom Erik Nilsen, men eg hadde aldri trudd at vi skulle få ein osing på parketten, seier Unn Grethe.

Avslørt på dialekta

Medan Siri bur i Oslo har Unn Grethe busett seg i Bergen. Ho tok intervju med Eirik då han blei aktuell som ein av kjendisane til årets dansesesong.

– Eg hadde ikkje sagt at eg var frå Os, men han kommenterte dialekta mi, at den likna osmålet, så då kunne eg røpa at det blei sambygdingar som skulle ta seg av han i dei komande vekene.

– Han er veldig hyggeleg, motivert og morosam å ha med i showet. Vi fekk oss også ein tur til Riga saman, for å spela inn promo-video.

– Enorm pågang

Berge, som har jobba i 14 år for TV2, fortel om enorm pågang frå presse når det kjem til Skal vi danse.

– Vi visste ikkje at programmet kom til å bli ein så stor suksess. Konseptet er utvikla av BBC og selt til rundt 30 land, for TV2 har det blitt eit veldig viktig produkt.

I tillegg til stor interesse har Berge ei ekstra utfordring, å gjera deltakarane tilgjengeleg.

– Det som er litt spesielt med dette programmet er at deltakarane er så mykje opptatt med øving. I tillegg skal vi setja av tid til filming til kvar komande sending.

– Men det er også viktig å møta interessa frå pressa. Så det er mykje logistikk og strategi eg må tenkje ut så pressa får gode saker og ein bit av danseløvene i deira travle kvardag.

Dette skal para dansar i morgon, laurdag:

I morgon er første utstemming av Skal vi danse. Det blir danseduell og eitt av dei ti para skal ut.

Poeng frå juryen avgjer saman med stemmer frå publikum kven som hamnar i duell.

1. Eirik Søfteland og Nadya Khamitskaya danser tango til "Seven Nation Army"
2. Isabella Martinsen og Lars Alexander Wiulsrud danser paso doble til "Trumpet Fiesta"
3. Rein Alexander og Marianne Sandaker danser tango til "Are You Gonna Go My Way"
4. Jarl Goli og Alexandra Kakurina danser paso doble til "Don't Cry for Me Argentina"
5. Linda Johansen og Glenn Jørgen Sandaker danser tango til "Maneater"
6. Carl I. Hagen og Therese Cleve danser paso doble til "Toreo Fino"
7. Eli Hagen og Bjørn Wettre Holthe danser tango til "Look At Me"
8. Venke Knutson og Egor Filipenko danser tango til "Undressed"
9. Pål Anders Ullevålseter og Anette Stokke danser paso doble til "España Cañí"
10. Kim Daniel Sannes og Elena Bokoreva Wiulsrud danser tango til "Locked Out Of Heaven"
11. Kathrine Sørland og Tom-Erik Nilsen danser paso doble til "Viva El Toro"

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.