Næringsliv | 06. jan. 2015

Omsetnaden held fram med å auka

32 av butikkane på AMFI Os opplevde vekst i 2014, færre enn 10 hadde nedgang.

Omsetnaden held fram med å auka
Senterleiar Anne Kristine Tøsdal opplevde nok eit år med vekst på AMFI Os. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 06. jan. 2015 07:38

Desember er over og julemånaden blei som vanleg årets beste, også ved Amfisenteret.

Julehandelen blei på 75 millionar kroner, den samla årsomsetnaden til butikkane på senteret blei på over 524 millionar kroner.

– Julehandelen auka frå 70 til 75, totalt for året auka vi frå 509 i 2013 til nesten 525 millionar kroner i 2014, fortel senterleiar Anne Kristine Tøsdal.

Nesten 5 prosent opp

Veksten var på 3,01 prosent, mot 3,18 prosent frå 2012 til 2013.

– Dei fleste butikkane hadde ei auke i fjor. 32 opplevde vekst, mellom 5 og 10 hadde nedgang. Nokre var nye og har ikkje samanliknbart grunnlag.

Nokre lokale har stått tomme nokre månadar. Om vi berre ser på butikkane som er samanliknbare, altså dei som har vore der begge driftsåra, er veksten høgare.

– Dei butikkane som var opne i heile 2013 og 2014 vaks frå 404 til 424, altså 4,89 prosent.

Over 10.000 besøk på éin dag

Amfi Os fekk i november installert kundeteljarar i dørene på senteret.

– Det er nokre år sidan sist vi hadde dette systemet, men no er det på plass igjen og vi kan telja besøk frå dag til dag, time til time.

Dei to siste dagane før jul var dei travlaste, 22. desember med flest besøk, heile 10.479 personar var innom senteret to dagar før jul.

– Vi gler oss naturlegvis over veksten og ser fram til å få fullt sentert igjen. No ryddar vi ut jula, også av lokalet Casa hadde, og i neste veke byrjar Ditt Apotek å innreia butikken som skal opna i februar, seier Tøsdal nøgd.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.