Os kyrkje vil halde ope onsdag kveld (Foto: Andris Hamre)

Open kyrkje i kveld

Os kyrkje held opne dører onsdag kveld etter at det tysdag blei kjent at ein ung osing er sikta for drapet på Hilda Feste.

Av: Andris Hamre Onsdag, februar 22, 2012 - 11:44

Kriseteamet i Os kommune blei tidleg kobla inn då det tysdag kveld blei kjent at ein 18 år gamal gut frå Os er pågripen og sikta for drapet på Hilda Feste 1. nyttårsdag.

– Kanskje er det fleire enn familien som treng hjelp. Dette er ein spesiell situasjon for mange, og det kan vera alt frå naboar til venar som kan ha bruk for nokon å snakka med, sa leiar i kriseteamet Stein Gjøsund tidlegare i dag.

Os kyrkjelyd vil difor halde Os kyrkje open onsdag kveld.

- I etterkant av gudstenesta som startar klokka 18 i kveld vil vi halda kyrkja open for dei som ønskjer å ha nokon å vera saman med, tenna lys, eller ha nokon å prata med, fortel prost i Midthordaland Margrethe H. Askeland til Midtsiden.

Kyrkja vil vera open frå klokka 19 og utover kvelden.

- Prestar og ungdomsarbeidar fra kyrkjelyden vil vera til stades utover kvelden, avsluttar Askeland.

Tips midtsiden.no

Kjetil Vasby Bruarøy + 47 90 78 92 70
Andris Hamre +47 47 90 61 11