Kultur | 04. apr. 2015

Opna ny utestad i Os

Etter ein periode med oppussing og bygging av scene var det fredag kveld opningsfest på utestaden XS i Os sentrum.

Opna ny utestad i Os
Opningskvelden fredag 3. april, og kvar fredag framover, er det jam på den nye utestaden XS. (Privat foto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 04. apr. 2015 17:50

– Vi har bygd ein scene på 7 x 5 meter. Musikarane som var på scenen i går kom med gode tilbakemeldingar, fortel Kenneth Carlson.

Carlson jobbar i baren på utestaden XS, som i går hadde nyopning i lokalet der Bar2Be tidlegare heldt til.

På det meste var det rundt 70 på gjestar i lokalet opningskvelden.

Det er Thomas Lunder sitt selskap Norway Promotions AS som driv utestaden.

20 år begge kveldar

Carlson er frå Bergen og Lunder er frå Åsane. Begge har erfaring frå utelivsbransjen i Bergen.

– XS har løyve på øl, vin og brennevin, og har aldersgrense 20 år.

– Vi kjem til å ha ope to kveldar i veka, der vi skjenker til klokka 2 og stenger døra 2.30 natt til laurdag og natt til søndag.

Jam kvar fredag

Carlson fortel at dei to har tru på at det er plass til ein utestad til i Os.

– Vi håper XS blir eit godt alternativ til tilboda som er i Os frå før. På den nye scenen kjem vi til å ha jam kvar fredag. Nokre band kan også bli aktuelt, men vi har førebels ikkje booka noko.

– Laurdagane kjem vi til å ha musikk frå anlegget, då skal XS vera ein kjekk plass å gå for å treffa folk, ta ein prat og dansa litt.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.