Lokal | 26. nov. 2015

Opnar for gangtrafikk

Borgavegen har vore stengt sidan september. Måndag 7. desember opnar den for gangtrafikk.

Opnar for gangtrafikk
Borgavegen vil framleis vera stengd for køyrande, men frå 7. desember vil gåande få passera (foto: AH)
Andris Hamretorsdag 26. nov. 2015 08:11

Borgavegen har vore stengt for all trafikk sidan september, grunna omfattande arbeid for å gjera vegen betre, tryggare og meir oversiktleg for både gåande og køyrande.

Måndag 7. desember opnar vegen for skulebarn og andre gåande. Biltrafikk i Borgavegen vil fyrst vera mogleg i slutten av januar neste år.

Vegarbeidet held altså fram ei stund til, men på ein slik måte at det er trygt å ferdast langs vegen for gåande.

– Før vi opnar for gangtrafikk, vil vi mellom anna grusa, gjera sikringsarbeid og montera veglys, fortel prosjektingeniør i Os kommune, Siril Langhelle i ei pressemelding.

Avsluttar skuleskyssen

Borgavegen er skuleveg for mange barn. Desse barna har hatt tilbod om busskyss i perioden vegen har vore heilt stengt.

Siste dag for ekstraordinær busskyss er fredag 4. desember.

Elevane vil få brev med informasjon i skulesekken i løpet av denne veka. Os kommune vil òg senda ut melding på SMS til bebuarar i området, heiter det i pressemeldinga.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.