Næringsliv | 20. juni 2014

Opnar partyhus på Øyro

Leitar du etter bursdagslokale, partyartiklar, ballong-gåver eller vil bestilla deg eit hoppeslott? No kan du snart få alt dette og meir i ein butikk i sentrum.

Opnar partyhus på Øyro
Olaug Gjelsvik og Henning Heimdal gleda seg til å opne butikken Partyhuset Lilleballong i august. Klovnen på bilpanseret blir logoen til butikken. (Foto: KMAL)
Kari M. Lyssandfredag 20. juni 2014 08:04

Bildeserie:

Torsdag er Heimdal og Gjelsvik med hoppeborg og sukkerspinn på Amfi Os sin supertorsdag. (Foto: KMAL)
Torsdag er Heimdal og Gjelsvik med hoppeborg og sukkerspinn på Amfi Os sin supertorsdag. (Foto: KMAL)
1 av 1
Torsdag er Heimdal og Gjelsvik med hoppeborg og sukkerspinn på Amfi Os sin supertorsdag. (Foto: KMAL)

Saman med kona Olaug Gjelsvik har Henning Heimdal sidan 2002 reist rundt med hoppeslott, selt sukkerspinn og ballongfigurar i Osbygda og utanfor.

No flyttar dei familiebedrifta frå heimestova til delar av det tidlegare Nordea lokalet i Os sentrum. Partyhuset Lilleballong blir butikken sitt namn, og den skal tilby, forutan ballong-gåver og hoppeborgutleige, partyartiklar, koppar, fat, utstyr og pynt til ulike anledningar.

- Vi vil at folk skal kunne finne alt dei treng av slikt utstyr på ein stad og ikkje måtte gå frå butikk til butikk, fortel Gjelsvik.

Geita Trygve starta alt

For begge har hoppeborg og ballongar vore ein tilleggsjobb, ho arbeidar til vanleg på Varafjell avlastningsenter og han som privat konsulent i helsevesenet.

Heimdal har og ei fortid frå sirkus Zorba, der han arbeida i 7 år som marknad og reklameansvarleg.

Historia om korleis han landa den jobben starta med ei geit.

- Eg sa ein gong at eg heller ville hatt geit enn hund som kjæledyr, og då var det nokon som gav meg ei geit å gåve, fortel han og ler.

- Då kontakta eg sirkus Zorba for å forhøyre meg korleis eg skulle ta meg av denne geita, som fekk namnet Trygve, og blei då tilbudt jobb på sirkuset.

Heimdal trur det var det tidlegare livet på sirkuset som gjorde at han etterkvart blei rastlaus og starta med å reisa rundt med hoppeslott. Sånn sett så starta Trygve det heile.

Utfordring starta ballongeventyret

For to år sidan starta dei to med ballongfigurar og ballonggåver i tillegg.

- Her blei eg utfordra å lage ballongdyr av eit eventbyrå som hadde dobbeltbooka.

- Eg fekk utfordringa ein torsdag og fredag dreiv eg å lagde ballongfigurar og det var starten på reisa, fortel Heimdal.

No lagar dei ballongfigurar, pyntar med ballongar og legg gåver inni ballongar.

Pent, gøyt og kreativt

Med mottoet "pent, gøyt og kreativt" startar altså ekteparet no sin eigen butikk på Os. I tillegg vil dei ha eit lokale ved sidan av som dei kan leiga ut til bursdagar, kurs og anna.

- Vi vil leiga ut lokalet rimeleg og så vel dei som leiger om dei ønsker å supplera med ting frå oss, om dei vil ha eit tema, sukkerspinn og så vidare.

- Vi vil tilretteleggja med det dei ønsker, men vil dei berre ha rommet så er det og heilt i orden, seier Gjelsvik.

Partyhuset Lilleballong skal etter planen opna i august, og med fullbooka sommar så har familien ei travel tid foran seg.

- Det blir hoppeborg i helgene og butikkbygging i vekedagane.

Håpar å skapa liv

Heimdal og Gjelsvik er veldig spente på korleis den nye butikken vil bli mottatt av osingane.

Tilbakemeldingane på planane har iallefall vore veldig gode, dei har lenge fått høyra frå fleire at dei skulle hatt eigen butikk.

- Etterspurnaden for det vi har å tilby er aukande, men vi når vi ikkje ut til alle heimefrå, då blir det lettare om ein kan møta opp i butikken.

- Vi har aldri gjort noko slikt før, men vi gleda oss veldig og håpar folk er glad det kjem noko nytt.

- Kanskje vi kan vera med på å skapa litt meir liv i sentrum.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.