Aleksander Lindkvist og Bjarte Haugsdal spelte saman på Os som junior. No er dei i kvar sine roller på Nest-Sotra. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Opprykks-kapteinen

Bjarte Haugsdal har rykka opp med tre lag, dei to siste som kaptein, i år med tidlegare lagkamerat som støttespelar.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

To tidlegare lagkameratar på Os G16 anno 2006, Bjarte Haugsdal og Aleksander Lindkvist, har hatt kvar sine roller i Nest-Sotra sitt opprykk til OBOS-ligaen, Bjarte som kaptein, Aleksander som naprapat.

– Bjarte er ein fantastisk type å ha som kaptein. Han er ein god coach for dei yngre i stallen og ein mann som ikkje treng å heva stemma si for å bli høyrd også av dei erfarne spelarane. Når Bjarte snakkar så lyttar du, det gjeld òg oss i leiinga, seier sportssjef Arve Haukeland.

• Les òg: Haugsdal med landslagstips til Kolskogen

Haukeland er opprinneleg frå Søfteland, og synest det er ekstra stas med desse viktige osingane.

– Aleksander har hatt meir å bety enn venta. Vi har drive med stram økonomi, og han har både halde spelarane i sving og engasjert seg meir enn kva vi hadde venta. Det har vore ein fryd å sjå kor entusiastisk han har vore, at han har fått denne dugnadsånden som vi andre i klubben er avhengige av å ha for å få ting til å gå rundt.

Styrer skuta mot nye divisjonar

Bjarte Haugsdal var ingen leiar, men 16 år og fersk i A-stallen då Os rykte opp til 2. divisjon i 2006. I 2007 og 2008 spelte han i 2. divisjon, etter nedrykket gjekk han til Brann.

Etter debut i Tippeligaen i 2009 blei det 10 kampar som utlånt til Løv-Ham i 2010 og 10 kampar med A-laget til Brann same år. I 2011 fekk han 11 kampar for Brann, så venta to sesongar i Stabæk, nedrykk i 2012 og i 2013 blei det opprykk med Haugsdal som kaptein.

I august spelte Bjarte sin kamp nummer 100 med Nest-Sotra. Her har han hatt to sesongar i OBOS og no, to i 2. divisjon. Med 0-3-siger over Hønefoss i serieavsluttinga på bortebane 21. oktober blei det opprykk og OBOS-comeback med Nest-Sotra, i Bjarte sin fjerde sesong for klubben.

Full sjukestove før sesongstart

– Eg og Christer (Olsen) reiste til Haugesund då Bjarte blei tatt opp i A-stallen til Os. Då vi kom tilbake blei det Os 2 på meg, og noko skadeopphald, fram til eg reiste til Sogndal for å studera, fortel Aleksander.

Lindkvist overtok etter ein spelande fysioterapeut då han steppa inn i det medisinske apparatet på Sotra, med fast arbeidstid på Ågotnes kvar tysdag, torsdag og dei helgene det var heimekamp.

• Les òg: Han ser muskelskaden din

– Det var berre 6-7 spelarar på treningsfeltet då eg kom ut der i vår. Klubben hadde ikkje stor nok stall til å ha så mange ute med skade, men med nåler, trykkbølger og øvingar fekk vi mange på banen igjen.

– Solid avslutting

Bjarte er blant dei som har gjeve Lindkvist minst bry, men som har sett pris på å ha den tidlegare lagkameraten ringside.

– Eg hadde litt problem med lysken i haust, så då måtte eg stå over nokre treningsøkter, men gjekk ikkje glipp av kamp.

Serieavsluttinga og opprykket blei ifølgje Bjarte sikra på beste vis.

– Vi låg på 2. plass til sommaren, men har hatt ein knallsterk haust. Bortekampen mot Hønefoss var veldig sterk, eg merka det allereie frå start, at alle var konsentrerte og hadde rett tenningsnivå.

– Bortsett frå eit langskot frå 25 meter hadde ikkje Hønefoss noko å stilla opp med, det var fint å avslutta sesongen på denne måten.

Bjarte synest òg at det har vore ein styrke å ha tidlegare Lysekloster-spelar, Ståle Steen Sæthre frå Fusa, med seg i forsvarsfiraren.

– Han er god i angrep òg, og har vore spiss som vikar i nokre kampar. Men han eignar seg også veldig godt i forsvar.

På utgåande kontrakt

Bjarte sin kontrakt har gått ut og det er førebels ikkje bestemt om han held fram i Nest-Sotra når laget i 2018 er tilbake i OBOS-ligaen. Haugsdal bur i Os og jobbar innan forsikring, i 60-80 prosent stilling, når han no har brukt mykje tid på fotball.

– Vi ønskjer naturlegvis å ha med oss Bjarte vidare. Vi har òg vore i samtalar med Lindkvist. Også spelarane er tydelege på at dei vil ha han med vidare, og vi jobbar med å få ny avtale for 2018, seier Haukeland.

Fekk få bøter

Kapteinen er ikkje berre sportsleg god, han er eit godt forbilde, skal vi tru ein fersk sak på Vestnytt.no.

Lokalavisa på Sotra skriv, i ein lang og morosam artikkel, at spelarane (og trenarane) har fått til saman over 90.000 kroner i bot i ei intern ordning.

Bjarte har fått færrast bøter.

• Les heile saka på Vestnytt.no.