Annonse

Annonse

midtsiden

Orienterte seg til premie

I sommar har du kunne jakta turorienteringspost på Røttingen. Ei osajente vann premie for jakta.

Av: Andris Hamre Fredag, september 3, 2010 - 12:04

Fana IL si orienteringsgruppe har eit turorienteringsopplegg med postar mellomanna på Smøråsen og Dyngelandsåren i Fana.

I juli og august har posten vore plassert på Røttingen.

Ei av dei som har funne posten på Røttingen er Ingunn Rognsvåg (13) frå Os. Ho blei ein av dei heldige vinnarane av ei av t-skjortene som blei trukket ut av alle som besøkte posten og noterte seg i boka.

God grunntrening
Ingunn spelar handball for Os Turn og løper orientering for Fana IL. Ho ser på turorientering med familien som ei god grunntrening for både idrettane, samstundes som ho kjem seg ut i naturen.

Har du lyst til å prøve deg på turorientering er månadens post plassert i Dyngelandsåren i Fana. Posten blir hengande ute i skogen til november.

Tips midtsiden.no

Kjetil Vasby Bruarøy + 47 90 78 92 70
Andris Hamre +47 47 90 61 11

 
Hjem

Ansvarlig redaktør: Kjetil Vasby Bruarøy.
I redaksjonen: Andris Hamre.
TIPS OSS PÅ MOBIL/SMS/MMS:
+ 47 90 78 92 70
+ 47 47 90 61 11