Ordførar Terje Søviknes (FrP) og varaordførar Marie Bruarøy (H) kan gle seg over at dei framleis ligg i toppen på Byråkratibarometeret til NyAnalyse (foto: Andris Hamre)

Os framleis i toppen

Os held stand på andre plass av kommunane i Noreg på NyAnalyse sitt Byråkratibarometer for 2015.

Av: Andris Hamre

I august slepte analysebyrået NyAnalyse as sitt Byråkratibarometer for 2015. Os har dei siste åra lagt på andre plass bak Larvik.

– Vi hadde som eit mål å ta att Larvik. No har dei gjort ei omorganisering som nok gjer at meir av dei reelle administrasjonskostandane deira kjem fram på barometeret. Dermed har dei òg ramla ned til fjerde plass.

– I staden kjem vi bak Drammen, som har vore gjennom ein hestekur den seinaste tida, oppsummerar ordførar Terje Søviknes (FrP).

Mest mogleg til tenestene

Resultatet kjem som følgje av ein villa politikk frå Frp og H.

– Vi er kjempenøgd med at vi held oss på pallen. For oss i Frp og H er det viktig å nytta minst mogleg på administrasjon og styring og mest mogleg ute i tenestene.

– Det er godt å få stadfesta at vi klarar det gjennom denne undersøkinga og å få ei stadfesting på at vi er der vi skal vera, avsluttar Søviknes.

Resultata

Kommunane sitt byråkratibarometer 2015
(utført av NyAnalyse as)
Plass Kommune A* B* C* D* E* F*
1 Drammen 6 11.6 0.74 121 1404 12.9
2 Os (Hord.) 6.8 9.7 0.55 173 1713 16.6
3 Ålesund 6.3 11.3 0.81 110 1647 17.5
4 Larvik 5.6 12 0.81 144 1850 24.9
5 Nedre Eiker 7.3 11.4 0.73 169 1712 27.7
6 Porsgrunn 5.9 11.8 0.86 195 1730 28
7 Kongsberg 7 12.2 0.85 164 1160 30.9
8 Karmøy 5.2 13.3 0.87 119 1806 33
9 Ski 6.8 10.6 0.81 159 2076 34
10 Bømlo 6.5 10.3 0.73 219 2149 34.6
Utvalde Hordalandskommunar
25 Bergen 6.5 11.7 0.68 150 2360 48.8
27 Askøy 6.2 14.2 0.9 178 2052 51.6
66 Stord 5.9 16.4 1.13 150 2247 84.8
97 Fjell 7.3 19.3 1.19 183 2167 107.9
208 Fusa 11.1 12.8 1.24 455 3284 204
216 Tysnes 11 11.7 1.06 462 3757 207.6
219 Samnanger 9.5 13.3 1.18 474 3913 212
254 Austevoll 9.7 21.4 0.99 457 4725 245.8
*
A Driftsutgifter: Adm. og styring %-andel
B Andel avtalte årsverk i adm %
C Årsverk i adm per innbyggjar %
D Politisk styring, løn, kr pr innbyggjar
E Adm løn, kr pr innbyggjar
F Byråkratibarometer

Dei fem variablane som er inkludert i Kommunenes ByråkratiBarometer 2015 er (vekt i parentes):

  • Lønnskostnadar til administrasjon per innbyggjar (40 %)
  • Andel netto driftsutgifter i kommunen til administrasjon og styring (20 %)
  • Avtalte årsverk innan administrasjon, i prosent av innbyggjertalet (20 %)
  • Andel av samlade kommunale årsverk avtalt innan administrasjon (10 %)
  • Lønskostnader til politisk styring per innbyggjar (10 %)

Kvar kommune blir rangert frå best til dårlegst i kvar enkelt kategori. Eit vekta gjennomsnitt av rangeringane i dei fem kategoriane avgjer endeleg plassering.