
Os gutar 16 vann KM
Os gutar 16 vann haustserien suverent, men siger i alle 9 kampane i 2. divisjon og 46-14 i målforskjell.
Torsdag kveld spelte Os finale i kretsmeisterskapen. Kampen gjekk på bortebane mot Arna-Bjørnar.
– Vi fekk oss eit mål imot på eit frispark frå 35 meter. Litt uheldig, men desto større blei lysta til å skåra, fortel trenar Bjørn Mjelva.
Os utlikna ved Bjarte Halhjem kort tid etterpå. 1-1 sto seg til pause.
Lite motstand etter pause
– I 2. omgang var det kuneitt lag påbanen, meiner Mjelva.
– Spesielt etter at Joachim Brekke Tveit skåra på corner.
Betre blei det ikkje då A-lags-gutane Fredrik Heggland og Eigil Thuen byrja å herja.
– Egil hamra inn eit frispark til 3-1 og Fredrik runda finalen av med 4-1. Det var kjekt å sjå desse, og andre som har spelt mykje på junior- og seniornivå i år, få visa kor gode dei er når dei måler krefter med gutar på same alder.
– Samstundes løftar resten av laget seg når dei får med seg dei beste.
13-åringar i finale søndag
Søndag er det fleire KM-finalar. I Vestlandshallen skal både jenter 13 og gutar 13 spela finale.
Småjentelaget slo Sotra 4-0 i semifinale på Kuventræ for ei veke sidan, smågutelaget kom vidare då eit anna lag blei diska.
– Vi har to gutar 13-lag, eit som speler 11-ar og eit som speler 7-ar. 7-ar-laget hamna på 2. plass, men då det viste seg at serievinnar hadde sjonglert for mykje med spelarar frå førstelaget sitt fekk dei ikkje spela KM-finale, seier Tore Kleppe.
Jenter 13 speler finale mot Arna-Bjørnar klokka 12, gutar 13 speler sin finale mot Granvin klokka 15.30.
Kommentarer
Tips midtsiden.no
Kjetil Vasby Bruarøy + 47 90 78 92 70
Andris Hamre +47 47 90 61 11
© 2012 midtsiden.no
