Rune Walle har tru på framtida for Os sentrum (foto: Andris Hamre)

- Os har livets rett

Etter 13 år med butikk i Os sentrum, og med familietunet ved Baronselva, har Rune Walle tru på at Os sentrum vil reisa seg.

Av: Andris Hamre Onsdag, desember 28, 2011 - 08:48

Ein god del har klaga på handhevinga av parkeringsreglane i Os sentrum og meiner dette vil føre til handelstanden sin død.

- Handhevinga av parkeringsreglane i sentrum er den største lykka som har vore for sentrum. Endeleg er det ordna forhold.

- At folk klager har eg ingen forståing for, vi har jo visst i fleire år at dette ville koma, seier Rune Walle.

Sjølv har han merka ei omsetningsauke hos G-sport i Brugata etter dei nye parkeringsreglane blei innført.

Lykka er ein lunsj på gjestebrygga

At det har vore utskiftingar i butikkstanden i sentrum det seinaste året mener Walle er naturleg.

- Det vil alltid vera slik at butikkar opnar og stenger. Det er heilt naturleg, sånn er det på senteret òg.

- Eg trur Os sentrum kjem til å leva godt i åra som kjem også. Plasseringa er så unik at sentrum vil for alltid vera ein naturleg samlingsplass.

- Har du nokon gong tatt lunsjen ein fin sommardag på gjestebrygga? spør han med eit smil.

- Det finnest ikkje noko vakrare. Då kjenner du at du lever.

Saknar slaktar

Walle trur at nettopp gjestehamna og utviklinga med Os sjøfront og Oseana vil løfta Os sentrum om ein gjer dei riktige vala i tida som kjem.

- Folk kjem, og vil framleis koma, med båt til Os for å handla på for eksempel Polet, Fisketorget, Tvedten og Sælen.

- Det einaste eg saknar er ein ferskvaredisk med slaktervarer.

Gjev seg etter 13 år i sportsbransjen

Walle har den siste tida vore butikksjef for G-sport på Os. Tidlegare var han ein av eigaren av den og to andre butikkar i Bergensområdet, men blei for nokre år sidan kjøpt ut av kjeden.

- Sportsbransjen ligg 10-15 år etter daglegvarebransjen i utvikling. No er den der kor meir og meir blir styrt frå kjedekontoret. Dermed blir det mindre og mindre styring for kvar einskild butikk.

- Eg er, og har alltid vore, ein kremmar. Derfor gjev eg meg no med sport og satsar på eit område eg trur kjem til å ha ei rivande utvikling i åra som kjem, forklarar Walle.

Sjølv om Walle gjev seg på G-sport vil butikken bli verande på Øyro.

- Dei har 10 års leigekontrakt og god omsetnad, så den kjem til å leva godt utan meg, smiler Walle, og fortel at kjeda er i ferd med å tilsetta ny butikksjef.

Folk må ta ansvar sjølv

Walle har fått partnerskap for alarmselskapet Securitas og vil bygga opp ein organisasjon som igjen skal ta seg av marknaden i Os.

- Som for pensjon og helse er tida då vi åleine kunne rekna med at det offentlege tok ansvaret for oss forbi. Derfor trur eg tryggleiksbransjen vil veksa i tida som kjem.

- Hos Securitas har eg fått alt ansvaret for sal, service og vedlikehald av sikkerheitsløysningane deira i Os og delar av Bergen.

- Det er omtrent som om eg har gått inn i eit nytt forhold. Alt er nytt og spennande, og eg gler meg til å sikre osingane, avsluttar Walle, som tar sikte på å få til ein lokal vaktstasjon som kan rykka ut om alarmane går. I dag er det ingen av vakteselskapa som tilbyr dette, ifølgje «vaktsjefen».

Tips midtsiden.no

Kjetil Vasby Bruarøy + 47 90 78 92 70
Andris Hamre +47 47 90 61 11

Rune går frå sport til tryggleik (foto: Andris Hamre)

Rune går frå sport til tryggleik (foto: Andris Hamre)