Kultur | 05. sep. 2014

Os-kokk med i Farmen

To søstrer frå Austevoll og ein kokk som jobbar i Os er blant årets deltakarar i «Farmen», som snart har premiere på TV2.

Os-kokk med i Farmen
Bjørn Mogenstad då han dreiv Færingen på Oseana. No er han aktuell i Farmen på TV2. (Foto: Andris Hamre)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 05. sep. 2014 10:13

Måndag 22. september er det sesongpremiere på realityserien «Farmen», som er spelt inn på garden Tangen i Stange kommune.

Blant dei 14 deltakarane er søstrene Malin (20) og Alina Vassnes (24) frå Austevoll og bergensaren Bjørn Egil Mogenstad (40).

Mogenstad var ein av drivarane av Færingen, den første restauranten i Oseana etter opninga i juni 2011, og er framleis aktiv som kokk i Os, i Smak Catering-lokalet over Meny i Industrivegen.

– Ja, huff. Eg er ikkje komfortabel med det der i det heile tatt.

– Det er kona mi det der, som meldte meg på. Men eg er travel no, vi får snakkast, seier Bjørn når Midtsiden tar kontakt for å høyra om opplevinga av Farmen-deltakinga.

Til TV2 seier Mogenstad at han deltar i Farmen mot sin eigen vilje.

– Kona mi er glad i Farmen og har mast på meg i fleire år. Ein kveld vi sat og drakk vin sa eg tja, og dermed var eg meldt på.KOna mi kjenner meg godt og veit at eg ikkje liker for eksempel å gå inn i eit fjøs.

– Men har eg sagt ja til ei utfordring er det ikkje aktuelt å feiga ut, seier Bjørn Mogenstad til TV2.no.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.