Os kvalifiserte seg til NM igjen
Rafael Villén med to nettkjeninngar i solid siger borte over Austevoll.
Onsdag kveld spelte Os den andre av to kvalifiseringsrundar i NM.
Austevoll, som i fjor tok imot Brann i første NM-runde (0-7), får ikkje delta i NM i år.
– Austevoll forsvarte seg godt, den skal dei ha. Vi var dessutan litt svake i angrep i første omgang, det blei mykje trilling av ball, og noko upresist og stressa i periodar, meiner Os-trenar Karl Kvile.
– Men vi var klart best og vi vann, det er det viktigaste, legg han til.
Austevoll - Os 0-4 (0-0)
Målskårarar: Rafael Villen 2, Mats Cato Moldskred og Torgeir Lunde.
Mats Cato Moldskred gav Os leiinga på straffe i 48. minutt.
Rafael Villén, som skaut via tverrligger og over mål to minutt før, auka til 0-2 i 55. minutt.
– Han heldt leikestove med Austevoll-forsvaret, skriv Os-supportar Tore Kleppe, som oppdaterte frå kampen via Facebook.
Ti minutt seinare auka Torgeir Lunde til 3-0 etter innlegg av Harry Moore.
– Vi hadde eit par sjansar utanom, mens Austevoll ikkje klarte å skapa noko som helst, seier Kvile.
Harry hadde assist også på Rafael si 4-0-skåring, som kom etter eit raid av unge Moore i 80. minutt.
Os: Frode Moberg Øvredal - Alexander Dale, Divaldo Cardoso, Torkel Hjertnes - Harry James Moore, Marius Mikkelsen, Håkon Kvittingen, Endre Brenne - Rafael Villen, Torgeir Lunde og Mats Cato Moldskred.
Innbytarar med speletid: Alexander Tøssebro (for Brenne, som blei skadd), Martin Eidsvik for Kvittingen og Øystein Takle Eide for Lunde.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.