
Os mister Jordal og Buvik
Fredag fekk Midtsiden tips om at både rutinerte Frode Buvik og talentet Johannes Jordal har signert kontrakt med Lysekloster.
Lysekloster-trenar Ørjan Sandal ville ikkje kommentera saka fredag.
– Eg kan fortelja at vi er interesserte i begge dei to spelarane. Dei er gode og spennande som typar, og dei er lokale spelarar. Men meir vil eg ikkje seia enno, var Sandal sitt svar fredag.
Sportsleg leiar i Os Turn fotball, Roald Stigen, hadde fredag ikkje høyrt noko om overgang, anna enn ein uformell diskusjon med Buvik.
Johannes er stadfesta
Laurdag kveld stadfesta Sandal at dei har signert kontrakt med Jordal.
– Vi ser på Johannes som ein veldig spennande spelar og er glad for at han kjem tilbake til moderklubben, seier han.
Jordal kom til Os i 2010-sesongen og debuterte i 2. divisjon i fjor. Neste år blir det 4. divisjon.
– Vi merker at fleire tar kontakt med oss og viser interesse for å spela for Lysekloster. No har vi 5-7 spelarar med bakgrunn frå 1. til 3. divisjon som bankar på, men vi er nøye med kven vi vil h.
Frode har bestemt seg
Sandal seier førebels ikkje noko om Buvik, men Frode sjølv seier han har bestemt seg.
– Eg har ikkje tid til den treningsmengda Os legg opp til lenger.
– Eg har trent under Ørjan fleire gongar tidlegare, eg har kjent han sidan eg var 18 år, seier Frode, som no blir lagkamerat med broren Morten.
Sørenesingen spelte for Os tidleg å 2000-talet og kom tilbake til Os i 2. divisjon i 2007. I 2009 spelte han eit halvt år for Fyllingen før han kom tilbake og fekk med seg det doble opprykket til Os.
Kommentarer
Tips midtsiden.no
Kjetil Vasby Bruarøy + 47 90 78 92 70
Andris Hamre +47 47 90 61 11
© 2012 midtsiden.no
