Sport | 07. feb. 2016

Os slo Brann 2

Begge lag stilte ungt då Os slo Brann 2 i treningskamp.

Os slo Brann 2
Øystein Takle Eide, her i kamp for Os 2 i 2014, gav Os leiinga over Brann 2 i går. Emil Halvér i bakgrunnen. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 07. feb. 2016 20:37

Os er spådd på 2. plass i årets serie, Brann 2 på 3. plass.

Laurdag møttest dei to til treningskamp på Kuventræ.

– Brann 2 stilte ungt, men hadde blant anna med seg Håkon Lorentzen og det unge stjerneskotet frå Austevoll, Halldor Østervold Stenevik, fortel Endre Brenne.

– Vi spelte ein veldig god førsteomgang. Vi klarte ikkje å halda momentet oppe i starten på 2. omgang, og fekk to kjappe mål imot, men så var vi tilbake på sporet igjen.

Os - Brann 2 3-2 (2-0)
Målskårarar, Os: Øystein Takle Eide, Erik Kanestrøm og Anders Havsgård.

Øystein Takle Eide, som no trener med moderklubben etter ein sesong i Lysefjorden, skåra på eit innlegg som gjekk over keeper.

2-0 kom på straffe av Erik Kanestrøm.

Anders Havsgård, som var toppskårar for Os 2 i fjor, kom innpå midt i 2. omgang og blei matchvinnar etter pasning av Mikkelsen.

– Det var mange unge som gjorde det bra i går, spesielt Torgeir Lunde, seier Brenne.

Os: Andrew Todd (Frode Øvredal) - Markus Sørås Bjørnevik, Torkel Hjertnes, Devante Dubose, Knut Spangelo Haga - Torgeir Lunde, Erik Kanestrøm (Thomas Fosen), Marius Mikkelsen - Øystein Takle Eide, Emil Halvér (Max Oldham) og Fabian Bødtker (Anders Havsgård).

Os spelte 2-2 mot Bjarg og slo Tertnes 2-0 tidlegare i vinter. Neste motstandar er Fyllingsdalen komande laurdag.

Midtsiden samleside: Os herre

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.