Sport | 22. mars 2014

Os slo Lysekloster

Det blei heimesiger då Os tok imot Lysekloster til NM-kvalifisering på Kuventræ i dag.

Os slo Lysekloster
Roar Vestbø, nummer to frå venstre, sette inn to av Os sine tre mål i dag. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 22. mars 2014 16:44

Os, som kom heim frå treningsleir på Kypros fredag, hadde ikkje problem med å omstilla seg frå 20 plussgradar til sludd, regn og vind.

Dagens NM-kvalik enda med siger over sambygding og seriemotstandar Lysekloster.

Os - Lysekloster 3-1 (1-0)
Målskårarar, Os: Erik Kanestrøm og Roar Vestbø 2.

Heimelaget hadde eit par innlegg frå kant og ein større sjanse før Erik Kanestrøm gav heimelaget leiinga 1-0 cirka 11 minutt ut i kampen.

Lysekloster, som stilte med dei tre tidlegare Os-spelarane Preben Borgen, Ramo Racic og Tore Valvik frå start, var på offensiven i drygt 20 minutt midt i omgangen, der dei produserte mange cornarar.

Men før pause overtok Os igjen, og var skummel framfor gjestane sitt mål.

Runda keeper to gongar

I 2. omgang var heimelaget meir framoverlent, og hadde tre veldig store sjansar før Roar Vestbø runda keeper ute ved 16-meteren og sprang ballen heilt inn i mål.

– Eg liker best å runda keeper, det er tryggast det, seier Roar etter kampen.

Også det andre målet hans blei skåra bak ryggen på keeper.

Lysekloster reduserte på corner.

Midtsiden kjem tilbake med kampfakta, kommentarar frå trenarane og video av skåringane og nokre av sjansane og duellane.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.