Staut kjem til Os i august og speler på Osfest laurdag 12. august. (Foto: Olav Wirkestad)

Osfest slepp tredje band

Staut skal spela same kveld som Morten Abel under Osfest 2018.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Osfest, som frå før had booka Stavangerkameratene og Morten Abel, kjem i dag med nok eit namn til årets festival; Staut.

Årets festival går av stabelen fredag og laurdag 10. og 11. august. Stavangerkameratene skal spela fredagen, Morten Abel og Staut om laurdagen.

Ny singel i dag!

Staut er eit folkrockband frå Valdres i Oppland som starta i 2010. Sjangeren er ein kombinasjon av folkemusikk, rock og country, som speglar at dei seks bandmedlemmane har ulik bakgrunn.

Staut har både gullplater og førsteplass på albumlista å visa til. Dei har vore flittige og populære, og har ei turnéliste dei siste åra som få andre band i Noreg kan matxha, skriv Osfest i ei pressemelding.

I fjor starta dei året med å sleppa sitt femte album på sju år - i dag, fredag 12. januar, slepp dei singelen «Koma Dit».

Både Aftenposten og Dagbladet gav terningskast fem og kalte førre album for «feiende flott folkrock».

Om singelen som kjem i dag seier låtskrivar Ørnulf Juvkam Dyve:

«Koma Dit handler om oss som hver dag er på utkikk etter noe nytt og større i jungelen av alle fristelser som jevnlig drikker en slurk av oss. Når man setter ifra seg karrierens og ambisjonenes syvmilsstøvler på trammen, finner de fleste ut at det er nettopp der, på trammen - i en liten stripe med sol, at den virkelig gode kaffen serveres. Dette er, kort fortalt, oppfølgerlåten til Kurt Foss og Reidar Bøe sin klassiker De Nære Ting.»

• Midtsiden samleside: Osfest