
Osing hamna på kartet
Det er nesten 40 år sidan amerikanske styresmakter gav halvøya namnet Kvinge Peninsula, men først no fekk forskaren veta om det.
– Det har jo vore hundrevis av ekspedisjonar der nede som har hatt mykje meir innflytelse og gjort mykje meir enn det eg har gjort, seier ein beskjeden Thor Kvinge til TV 2 Nyhetene.
Kvinge jobba som havforskar før han blei pensjonist, og i 1968 leia han ei gruppe som dreiv banebrytane kartlegging av havstraumar og havbotnen i Antarktis.
Seks år seinare sette USA Kvinge sitt namn på kartet.
Utvikla straummålarar
Kvinge, som blei fødd i Os og vaks opp på Lekven, bur no i Hatlestadlia på Valle.Han tok utdanninga si ved geofysisk institutt ved Universitetet i Bergen og jobba seinare som Nato-stipendiat, der han blant anna på oppdrag frå Nato var med og utvikla straummålarar.
Til Midtsiden.no fortel han om ekspedisjonane og oppdraget i Antarktis.
- Amerikanarane kontakta oss i 1967 og bad oss montera fire straummålarar på botnen av dette havområdet. Desse Aanderaad-målarane var nettopp utvikla, og måtte på plass om sommaren, for om vinteren kom vi ikkje til på grunn av isen.
Kvinge og resten av forskarane og eit manskap på 250 reiste inn med den gigantiske 10.000 tonn store isbrytaren «Glacier».
12.000 timar med data
Sommaren 1968 fekk dei målarane på plass, på 500 meter djup så ikkje isen skulle ta dei, men sommaren 1969 var det så mykje is i området at Kvinge og resten av teamet ikkje kom seg inn for å henta dei.
- Då måtte vi gå til Washington og be om ny ekspedisjon, og det fekk vi. Men også i 1970 var det for mykje is.
I 1973 var han nede igjen med den 10.000 tonn store isbrytaren, og då fekk dei opp igjen dei fire straummålarane.
- Ein av dei hadde fungert i 8000 timar, altså i om lag eit år, ein annan i 12.000 timar. Dette gav oss ein fantastisk måleserie, meir omfattande enn noko som var gjort før, fortel forskaren frå Os.
Halvøya Kvinge Peninsula har han aldri besøkt. Det har neppe andre heller.
- Du skal nok leita ei stund for å finna eit meir utilgjengeleg område, ler Thor Kvinge.
Kommentarer
Tips midtsiden.no
Kjetil Vasby Bruarøy + 47 90 78 92 70
Andris Hamre +47 47 90 61 11
© 2012 midtsiden.no