Lokal | 31. okt. 2014

Osing truga elev i Bergen

Travelt døgn for politiet i Os: Innbrot, funn av tjuvgods, kjøring i rus og ein mann frå Os som truga skuleelev i Bergen.

Osing truga elev i Bergen
Natt til torsdag var det innbrot og tjuveri av datautstyr i Stegen. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 31. okt. 2014 09:07

Torsdag blei ein hektisk dag for politiet i Os. Den mest alvorlege hendinga skjedde i Bergen, der ein mann frå Os skal ha truga éin eller fleire elevar ved ein skule.

– Mistenkte er i 20-åra og vi hadde i går fleire patruljer i Os og Bergen som søkte etter vedkomande. Han blei ikkje funnen og er no etterlyst, fortel politioverbetjent Audun Hadler-Olsen.

Osingen skal ha kome med grove trugslar og politiet ser svært alvorleg på saka.

Innbrot og mogleg innbrotsforsøk

Politiet fekk i går melding om innbrot hos ei bedrift i Stegen i Os sentrum.

– Nokon har knust ei rute og vore inne og stole ein pc.

I 02.30-tida natt til fredag fekk politiet melding frå ein vektar som fortalte at to personar stakk frå staden då vektaren kom for å sjekka ei bedrift i Industrivegen.

Politiet rykte ut, men fann ingen. Det var ikkje spor etter innbrot eller innbrotsforsøk ved bedrifta.

Rusa bilførar gav feil personalia

Torsdag morgon rykte politiet ut på melding om mistanke om kjøring i rus.

– Vi stoppa ein mann i Os sentrum og vedkomande oppgav feil namn. Men han er ein kjenning av politiet i Bergen og vi fann raskt ut av kven han er.

Vedkomande blir meldt for både å gje feil personalia og for kjøring utan førakort, i påverka tilstand.

Politiet var også borti andre ting i trafikken i går:

• Politiet tok også nøklar og skilt frå ein mann i 40-åra, som sat på ein moped, men som ikkje har rett til å føra moped og fleire gongar tidlegare er tatt for kjøring i rus, utan lappen.

• Ein mopedist i Industrivegen måtte i 18-tida setja mopeden frå seg og fekk muntleg pålegg om å utbetra baklys.

• Ein bilist i Os sentrum fekk forenkla forelegg då han i 23-tida svingte til venstre ut Brugata på Hatvikvegen, i krysset der det er påbod om å svinga til høgre.

– Privatperson «pågreip» rusa mann

I 14-tida torsdag fekk politiet melding om at ein privatperson heldt ein rusa mann fast utanfor Amfisenteret.

– Vi rykte ut, men då vi kom fram var begge vekke.

– Vi veit ikkje kva episoden handla om eller kven dei involverte er.

Hadde folk i hagen

Natt til onsdag skal ein mann hatt uvedkomande personar rundt huset sitt.

– Han meldte frå om dette torsdag. Det var i 3-tida nat til onsdag at han skal ha høyrd lydar frå utsida av huset. Då han sto opp såg han at nokre personar sprang ut av hagen hans.

Tjuveri av post og funn av tjuvgods

Etter ransaking onsdag fekk politiet torsdag tak i kvinna, som også førre fredag blei tatt, mistenkt for fleire tilfelle av tjuveri av post.

Heller ikkje i går blei det varetektsfengsling, kvinna blei dimittert etter avhøyr.

Samtidig får politiet framleis fleire meldingar om funn av stolen post og om sakna post.

– Vi veit ikkje kor mange personar som kan vera involvert i dette, men i går blei eit nytt namn kopla inn.

Mannen og kvinna som i helga blei tatt for posttjuveri hadde nemleg også tjuvgods som stammar frå innbrotet i kiosken på Kuventræ tidlegare i oktober.

– I går var vi på ransaking hos ein tredje person. Vedkomande var ikkje på staden, men vi fann også der tjuvgods som stammar frå kiosken på Kuventræ.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.