Sport | 13. mai 2015

– Osingane kan å mobilisera

Sprekere • Askøy mot Os: Ikkje berre blir det kommunekamp, men òg ein ordførarduell. – Konkurranseinstinktet er vekt. No skal vi visa at osingane kan mobilisera.

– Osingane kan å mobilisera
Ordførar Terje Søviknes håpar han har heile bygda i ryggen i kommunekampen mot Askøy (foto: Andris Hamre)
Andris Hamreonsdag 13. mai 2015 11:21

Måndag gjekk ordførar på Askøy, Siv Høgtun, ut og utfordra ordførar i Os, Terje Søviknes, til ordførarduell i samband med kommunekampen Midtsiden og Askøyværingen inviterer til.

– Klart vi kan slå Os! Eg er ikkje i tvil om at vi har flest spreke folk, sa Høgtun til lokalavisa.

I skrivande stund, midt på dagen onsdag, ligg Askøy litt framfor Os med 257 mot 216 påmeldte.

– Vi skal visa dei!

Dette fekk Søviknes til å bli trigga.

– Der skal vi visa at ho tar feil. No er konkurranseinstinktet tent og oppfordringa er klar til osingane. Meld dykk på!

– La oss vise Askøy, som vi gjorde med trønderane då Oselvaren blei kåra til noreg sin nasjonalbåt, eller då vi viste heile Noreg at vi sto bak Eirik Søfteland i Idol, at osingar lar seg ikkje pille på nesa, seier ein kamplysten Os-ordførar.

Enkel påmelding

For å vera med i kommunekampen mot Askøy må du melda deg på via sprekere.no og velgja Os sitt lag (du er først registrert når du har fått ein e-post om at du er på Os sitt lag, journ.mrk)

– Eg var litt spent på om det var mykje styr med å melda seg på, men det gjekk på eit par minutt.

– Så gjeld det berre å registrera turane ein går, løper eller sykler når konkurransa startar på måndag, seier Søviknes.

– Korleis blir det med di eiga deltaking?

– Eg skal gjera så godt eg kan, men det er travle tider om dagen med valkampførebuingar og ordinære oppdrag, så eg håper på god drahjelp frå osingane.

– Eg får kanskje prøva å gå når eg skal på møter i sentrum i staden for å køyra, seier Søviknes som eit lite tips om korleis ein kan fanga kilometer.

Bruk friområda!

Kommunen har dei siste åra sikra fleire friområder, som Ervikane og Raudlio. Turstiar blir tilrettelagt i nært samarbeid med Os Turlag.

– Friområda har vi jo sikra for å stimulera til friluftsliv og folkehelse. Denne konkurransen er strålande i det perspektivet. Her har vi moglegheiten til å gje folkehelsa eit lite dytt i rett retning.

– At turlaget i tillegg kan få 5000 kroner til sitt arbeid om Os vinn er supert.

– Kom dykk ut på sundagstur og i kvardagen. Ta osbygda i bruk, oppmodar Terje Søviknes.

Klikk her for å melda deg på i den store kommunekampen.

Konkurransen går føre seg i fem veker, frå 18. mai til 21. juni. Kvar kilometer som blir tilbakelagt på sykkel, med joggesko eller tursko tel.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.