
Osmessa tar form
I februar fortalte Stiftinga Nore Neset Aktivitetshus om auka satsing på messedelen av Nore Neset Dagane. Mat og kulturaktivitetar er flytta opp i 2. etasje, hallen er halde av til messe og namnet «Osmessa» er adoptert til ny krins.
– Vi har mange ivrige og flinke folk som jobbar dugnad før og under Nore Neset Dagane, men vi har fått nokre tilleggskrefter som hjelper ekstra godt på med den nye messe-satsinga vår, seier Katrine Haugland.
Ho siktar Trond Strømme, som jobbar med messeproduksjon i Grieghallen, og samstundes bur i Nore Neset-krinsen og stiller opp for å hjelpa til.
– Mange gode utstillarar
Det er ikkje berre oppbygginga av messa som ser ut til å bli bra, arrangørane er nøgde med påmeldingane og mangfaldet.
– Kategoriseringa av utstillarane var vellukka. Vi har utstillarar innan båt og motor, hus, heim og hage, kunst, mat og handverk, sport, fritid og helse.
– Utstillarane varierer frå møbelprodusentar og seljar av boblebadekar til ATV, turoperatør og kortreist mat, men sortert i fine utstillingar innandørs og utandørs.
Pass, parkering og gratisbuss
Nytt i år er utvida messeområde med gjerde rundt tomta og sal av inngangsbillettar.
– Det er mykje forskjellig som er inkludert i billetten og prisen blir låg, lover Haugland.
For å auka kapasiteten har arrangørane fått låna parkeringsplass hos Rolls Royce. Frå plassen blir det gratis buss som går i skytteltrafikk mellom parkeringsplassen og messeområdet frå morgon til kveld.
Kulturinnslag og foredrag
Sjølv om messe-satsinga aukar skal Nore Neset Dagane halda fram med å vera dagar rike på kulturopplevingar. Liafjellet Opp, gatecup og natursti i regi av Os Turlag er faste innslag.
– Det blir også underhaldning frå scenen i Symrasalen under messa. Medan vi har ein liten kaffibar og scene til foredrag nede i messehallen blir det kafé og kultur i 2. etasje.
Satsing på foredrag er nytt, og blant foredragshaldarane som er klare er den kjente klatraren og eventyraren Jarle Trå og fotballtrenaren, talentutviklaren og forfattaren Ørjan Sandal.
– Vi synes også det er spennande at Vennegjengen kjem til Nore Neset, seier Katrine Haugland.
Den verdskjente barne-tv-serien, utvikla i Bergen, stiller på Nore Neset Dagane med Apa, Elfie og resten av dei populære figurane for å underhalda dei yngste denne helga 16. til 18. september.
Kommentarer
Tips midtsiden.no
Kjetil Vasby Bruarøy + 47 90 78 92 70
Andris Hamre +47 47 90 61 11
© 2012 midtsiden.no