Fredag blir dei siste brøda ved Osøyro Bakeri baka. Måndag er det slutt (foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Osøyro Bakeri legg ned

Over 20 tilsette mistar jobben når Osøyro Bakeri førstkommande fredag bakar sitt siste brød.

Av: Andris Hamre Onsdag, januar 4, 2012 - 16:28

På eit møte med leiinga i går, tysdag, fekk dei tilsette ved Osøyro Bakeri AS veta at dei frå neste veke ikkje lenger har ein jobb å gå til.

- Vi visste at det skulle kome nedbemanning etter at vi mista ein kontrakt, men vi trudde at vi framleis skulle levera eit visst volum, seier ein av dei tilsette til Midtsiden.

Fredag blir siste dag med drift på bakeriet som Drageset eigde før salet til Norgesgruppen.

- På møte med leiinga fekk vi veta at Norgesgruppen ville flytta all brødproduksjon til Bakers/Martens på Kokstad og legga ned produksjonen her på Os.

Midtsiden kjem tilbake med meir om saka.

 

Tips midtsiden.no

Kjetil Vasby Bruarøy + 47 90 78 92 70
Andris Hamre +47 47 90 61 11