Lokal | 21. jan. 2016

Osruss føler seg lurt av DJ frå Bergen

Først var låten for seint levert, så viste det seg at den er kliss lik ein annan låt.

Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 21. jan. 2016 10:31

Bildeserie:

Gutane på russebilen Netflix & Chill vurderer no å melda Salti til politiet. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Gutane på russebilen Netflix & Chill vurderer no å melda Salti til politiet. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
1 av 1
Gutane på russebilen Netflix & Chill vurderer no å melda Salti til politiet. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Først fekk dei ein annan låt enn den DJ-en først jobba med, så blei det ein diskusjon om å heva kjøpet og til slutt oppdaga russen frå Os at låten var identisk med ein latinamerikansk låt dei fann på internett.

Då lovde DJ-en at gutane skulle få pengane tilbake, men ein månad seinare har dei framleis ikkje fått ei krone. Bergensaren som har selt låta til osingane vil ikkje uttala seg til Midtsiden.

Fekk feil låt

Gutta på den komande russebilen Netflix & Chill, Vu Pham Vo, Simen Moesgård, Steffen Ljosheim, Torstein Ask, Jøran Helland, Birk Kvalvåg, Anders Kolle og Johnny Harald Vågen, prøver å laga eit proft opplegg kring russefeiringa og oppkøyringa til denne.

– Vi hadde sleppefest i november og var i forkant i kontakt med ein ganske kjent DJ frå Bergen for å få vår eigen låt. DJ Salti spelte blant anna på russetreff i Bergen i fjor.

Nokre av gutane møtte DJ-en personleg og han verka gira. Dei blei einige om pris og at låten skulle vera ferdig til festen 21. november. Ei veke før fekk dei høyra eit utkast, som dei likte godt. Også teksten dei fekk tilsendt nokre dagar seinare fall i smak.

– Då det nærma seg fest og vi ikkje fekk ferdig låt blei vi stressa, men dagen før blei den servert. Det som var rart var at det var ei heilt annan låt og utan teksten vi i utgangspunktet fekk tilsendt.

Låten blei spelt på festen, men gutane på Netflix & Chill var ikkje nøgd. Heller ikkje opplasting til Spotify blei utført som bestilt.

– Vekene før jul gjekk med på å prøva å få tak i Warith Salti. Etter mykje om og men blei vi vist vidare til manageren, som etter mykje diskusjon via messenger viste tilbake til Salti.

Fann heilt lik låt på Spotify

Osrussen byrja samtidig å lura på kor seriøs denne Dj-en var, og hadde fått høyra rykter frå andre om tidlegare gjenbruk av låtmateriale.

Ved hjelp av ein app (Shazam) som kan søkja opp like melodiar fann dei noko som var overraskande likt; Damian R. Santos sin «Fucking Jump».

Både russen og Midtsiden har prøvd å få kontakt med Santos og med plateselskapet, Colosal Records, frå Brasil, for å høyra om dei tilfeldigvis har ein avtale med bergens-DJ-en.

– Følte seg tydelegvis avslørt

Midtsiden har fått sjå chat mellom russebilmedlemmane og DJ-en, med fleire lengre periodar utan svar, men to veker før jul var det plutseleg lyd i han.

Då fortalte russen om avsløringa, at dei hadde funne ein låt som var kliss lik.

«Pengene deres er på vei tilbake» skriv DJ Salti 11. desember.

Så tok han russelåten av Soundcloud, der den blei lasta opp kvelden før festen i november.

Men ingen pengar kom, heller ikkje etter purring 14., 16. og 21. desember.

– Er fleire utsett for det same?

Fleire forsøk på å nå Salti per telefon har resultert i éi tekstmelding i retur til Midtsiden-redaksjonen. Der skriv DJ-en at han er på turné og vil ringa når han er ledig. Han har fått nye meldingar om kva saka gjeld, men han har ikkje vist vilje til å uttala seg i saka.

– Det er nye russekull frå år til år og det skal nok mykje til at nokon blir tatt for svindel eller plagiat. Men eg synest ikkje at DJ-ar skal få halda på på denne måten. For det første er vi lovd pengane tilbake, for det andre kan du ikkje driva å selja andre sine varer.

– Vi lurer på kor vanleg dette er, om det er fleire som er utsett for noko liknande.

– Det ligg jo enkelte sample på nett som er gratis for alle å bruka, trur du dette kan vera eit slikt?

– Det kan henda at Santos og Salti har brukt same sample, men i så fall er det rart at Salti, etter lang tid utan å svara oss, ser ut til å få panikk når eg nevner at vi har funne denne låta, og lover oss pengane tilbake med éin gong.

– Vi vurderer uansett å melda Salti, han lagde ikkje ferdig låten vi i utgangspunktet skulle ha og han har ikkje betalt tilbake, slik han lovde, seier russen på Netflix & Chill.

Les òg: Russ anklager musikkprodusent for plagiat (BT.no, november 2014)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.