Lokal | 20. aug. 2016

Øvelseskøyrde i 128 km/t

Ei kvinne i 50-åra mista førarkortet etter at «eleven» hennar var tung på foten.

Øvelseskøyrde i 128 km/t
Bergen tinghus. (Ill. foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 20. aug. 2016 07:56

Ein torsdag i juli blei ei kvinne frå Os stoppa av politiet i Etnedal, mellom Fagernes og Gjøvik, då bilen hennar blei målt i 128 km/t i ei 80-sone.

Guten som sat bak rattet dreiv med øvelseskøyring, kvinna, som er i slutten av 50-åra, blei sikta.

Kvinna er tidlegare ustraffa og møtte i retten, der ho samtykka til avgjerd ved tilståelsesdom.

Det blir normalt reagert med tiltale når farten er høgare enn høgaste bøtesats i kategorien forenkla forelegg. I 80-sona er dette 125 km/t.

I intervallet før samfunsstraff blir det vanlegvis idømt kort fengselsstraff på vilkår.

Må venta fem år

Kvinna blei dømt til fengsel i 15 dagar, på vilkår, til 10.000 kroner i bot og til tap av førarretten i fem månadar. Ho treng dermed ikkje avlegga ny førarprøve før ho kan setja seg bak rattet igjen.

Men ho må ha førarkort i fem år samanhengande før ho kan driva med øvelseskøyring igjen ...

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.