Lokal | 17. okt. 2014

Over 40 husstandar ramma av posttjuveri

– Det ser ut som om dei har tatt for seg heile gater i ulike nabolag. Men vi har nokon i kikkerten, og det er ikkje ungar, fortel politioverbetjent Audun Hadler-Olsen.

Over 40 husstandar ramma av posttjuveri
(Ill. foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 17. okt. 2014 07:36

I haust har det vore fleire tilfelle av tjuveri av post i Os.

Les òg: Post-tjuvar stal kort og kode

Denne veka er det oppdaga tjuveri frå postkassar i fleire ulike nabolag.

– Både Midtskogvegen, Giljavegen og Kuhnlevegen er ramma.

– Vi har tatt inn post som har vore sortert ut og kasta i nærleiken, og tørka dette og sendt det ut igjen til eigar med eit følgeskriv.

– Det er nok snakk om 30-40 hus, og det er dei vi veit om. Det kan godt vera endå fleire, seier Hadler-Olsen.

Har personar dei vil sjekka

Politiet seier dei ikkje trur dette er barnestrekar, men tjuveri eller forsøk på tjuveri av varer, kort og identitetsopplysingar.

– Med auka netthandel og auka sal av mobiltelefonar er det også auka sjanse for å finna både varer, telefonar og sim-kort, i tillegg til dokument som avslører personlege opplysingar.

– Vi har folk i kikkerten, som vi førebels ikkje kan gje status som mistenkt, men som vi ønskjer å følgja opp.

– Lås postkassen og hent posten inn kvar dag!

Politiet i Os fullfører no tiltak som auka patruljering i utsette nabolag og avsluttar utsending av pass.

– Osingar som har bestilt nytt pass må no koma og henta dette hos oss i Irisgården.

Politiet ber også publikum vera meir merksame.

– Følg med på kven du møter om du går tur eller luftar hunden seint om kveldane eller tidleg om morgonen. Folk som jobbar skift eller nattevakt, som møter folk på nattestid, kan også koma med nyttig informasjon til oss. Ikkje nøl med å tipsa politiet, oppmodar Hadler-Olsen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.